05/10/2018

Assisterande avdelingssjukepleiar - 100% fast stilling i ny avdeling for demente, Luranetunet

  • Os kommune i Hordaland
  • Os, Hordaland, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 22.10.2018

Har du lyst til å jobbe med demente i eit tverrfaglegmiljø? Vi opnar ei ny avdeling på Luranetunet for demente 2. januar 2019 og søkjer assisterande avdelingssjukepleiar til denne nye avdelinga.

Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta, Luranetunet  v/ny avdeling med inntil 20 bebuarar
Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og rommar 3 korttidsavdelingar, 7 langtidsavdelingar, dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar. Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Sjå heimesida vår for meir informasjon: oskommune.no og vår facebook.com for Luranetunet.

Vi opnar ei ny avdeling for demente 2. januar 2019 og søkjer etter deg som ynskjer å vere med å byggje opp ei heilt ny avdeling og bidra til å etablere eit inspirerande og godt fag- og arbeidsmiljø. Alle demensavdelingane våre jobbar personsentrert, som er den anbefalte nye faglege nasjonale retningslinja om demens. Vi vil byggje eit fagmiljø som er med å fremme synet om demens i samfunnet og som er oppteken av å sjå mennesket bak sjukdommen. Vårt motto er: "det mennesket med demens har, blir vektlagt meir enn det som manglar".

Assisterande avdelingssjukepleiar er stedfortredar for leiar og vil vera med i planlegginga og oppbygginga av den nye 
avdelinga. Arbeidsoppgåvene er varierte og det faglege vil vera i fokus. Vi tilbyr to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg 
(langvakter på helg) og flest dagvakter i vekedagane. 


Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar 
- Vidareutdanning i avansert gerontologi eller anna relevant vidareutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav
- Du er løysningsfokusert og har god kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Det er ynskjeleg at du har erfaring og kompetanse innan demens
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstesten" (test i norsk- høgare nivå)
- Utdanning frå utlandet - godkjenning av NOKUT
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Arbeid i ei verksemd i utvikling og moglegheit til å vera med å påverka.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Kontaktperson
Marit Tandberg
Stillingstittel: Fagkonsulent
Telefon: 56 57 56 23 / 480 12 966

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå