05/10/2018

Psykolog - vaksne og eldre

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Psykologi

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 01.11.2018

Vil du vera med å utvikla eit framtidsretta psykisk helsevern i Voss kommune?

Me søker etter ein kommunepsykolog som vil stå i spissen for styrking av det psykiske helsearbeidet til vaksne og eldre. I kommunen blir du del av eit tverrfagleg team av engasjerte medarbeidarar, kor brukarmedverknad, tenesteutvikling og førebygging vil stå sentralt. Hovudfokus vil vere å etablere tilbod om rask psykisk helsehjelp, utvikle relevante lågterskeltilbod for eldre, samt fagleg og systemretta utviklingsarbeid knytt mot brukarar, pårørande og tilsette.

Om arbeidsstaden

Helse og omsorg har over 400 årsverk, og har fleire avdelingar som tilbyr heimeteneste, ambulante tenester innan rus 
og psykiatri, aktivitetstilbod og butilbod til vaksne og eldre. Me har fokus på "kva er viktig for deg", og har mål om ein 
recovery-orientert praksis med tilbakemelding som verktøy (Fit). Kommunen er og i startfasen for eit forskingsprosjekt 
om eldre og rus, sosiale forhold og vald i nære relasjonen.

Då dette er ein nyoppretta prosjektstilling, vil du ha ein unik anledning til å påverke utviklinga av dei kommunale 
tenestene og din eigen arbeidskvardag. 

Arbeidsoppgåver

- Fagleg og systematisk utviklingsarbeid 
- Etablering, utvikling og drift av gruppetilbod psykisk helse 
- Evnt. klinisk arbeid individuelt eller i gruppe
- Rettleiing og kompetanseheving til tilsette for å gjøre dei i stand til å observere endringar og symptom hos brukarar og setje i gang tiltak tidleg for å førebygge utvikling av psykiske lidingar.

Me ynskjer deg som

- Er autorisert psykolog med engasjement for tenesteutvikling 
- Har kjennskap til recovery, motiverande samtale, kognitiv terapi og brukarmedverknad
- Kan arbeida sjølvstendig, vera nytenkjande og målretta
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har kjennskap til aktuelle lovar og regelverk
- Har gode digitale ferdigheter 

Me tilbyr

- Eitt års engasjement i 100 % stilling, med mogelegheit for forlenging
- Eit engasjerande, utfordrande og kompetanseorientert arbeidsmiljø
- Ein fleksibel arbeidsplass med rom for nytenking
- Gode pensjons- og forsikringsordningar 
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Kontakter

Navn: Janne Alise Gullestad
Tittel: Leiar
E-post: janne.a.gullestad@voss.kommune.no
Mobil: 41637771

Navn: Berit Kleppe
Tittel: Rådgiver helse og omsorg
E-post: berit.kleppe@voss.kommune.no
Mobil: 48014589

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå