05/10/2018

Psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar, 100% stilling

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 25.10.2018

Vikariat i rus- og psykiatritenesta

Me søkjarein engasjert, trygg og reflektert medarbeidar for eit års vikariat med arbeid i ambulerande team og Vetleflaten 2F.

Om arbeidsstaden

Rus- og psykiatritenesta har ca. 30 tilsette med ulik kompetase innan fagområdet. Om lag 150 brukarar mottar 
tenester frå avdelinga. Tenestene som vert levert er lovpålagte, og vert utført etter vedtak. Rus- og psykiatritenesta 
består av 2 omsorgsbustadseiningar, Ambulerande team og Oasen dagsenter. Tilsetjinga i hovudsak vera lokalisert i Ambulerande team.

Arbeidsoppgåver

Målretta oppfylging av brukarar etter vedtak; støttesamtalar og miljøarbeid, samhandling med andre tenester, hjelp til daglige aktiviteter og medisinhandtering. 
Primærkontakt-/ koordineringsansvar. 
To-delt turnus med helgearbeid. 

Me søkjer

Sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innen psykiatri. 
Relevant arbeidserfaring, kunnskap og lyst til å arbeide innan fagfeltet rus og psykisk helse. 
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne. 
Evne til omstilling, fleksibilitet og sjølvstendig arbeid.

I tillegg må du ha stå på vilje, arbeidslyst, energi og ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet.
Personlege egenskapar blir vektlagt. 

Me tilbyr

- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Kontakter

Navn: Janne Alise Gullestad
Tittel: Leiar
E-post: janne.a.gullestad@voss.kommune.no
Mobil: 41637771

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk nå