05/10/2018

Er du vår nye avdelsingssjukepleiar?

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 25.10.2018

Me lyser etter avdelingssjukepleiar i 100 % fast stilling. 

Søkjaren må vere faglig dyktig, kunna samarbeida på tvers av avdelingane og profesjonar, være motivert, fleksibel og vere med og bidra positivt til arbeidsmiljøet i avdelinga. 

Det er viktig for oss at du er oppteken av kvalitet i arbeidet du utfører, har brukarane i fokus, og byggjer opp under medarbeidarane slik at dei får den tryggleiken og tilrettelegginga i kvardagen som gjer at dei trivst hjå oss.

Du må evne å tenkje nytt slik at me til ein kvar tid tilpassar oss dei tenestene me leverar etter brukarens og samfunnets behov, samt ivaretek dei ansatte og legg til rette for at dei kan utvikle seg til saman med dei endringane me står ovanfor i framtida.

Om arbeidsstaden

Avdelinga er ei av 2 langtidsavdelingar ved Voss Sjukeheim, avdelinga ligg i 3 etasje. Avdelinga har nydeleg utsikt 
utover Vossabygda. Frå bakre kant har avdelinga direkte utgang til sjukeheimshagen. Avdelinga har faste 
sjukepleiararer,avdelinga har hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar samt pleieassistentar.

Avdelinga har 29 senger. Av desse 29 sengene er 5 knytt til ei forsterka skjerma eining. 

3 etasje er ei av seks avdelingar som ligg samla under Område Vest. Dei andre avdelingane er: Korttidsavdeling 2 etg, 
Langtidsavdeling 4 etg, Sone Vest (Heimesjukepleie), Dagavdeling og Avdeling for Fellestenester. Alle avdelingane i 

Område Vest er lokalisert ved Voss Sjukeheim og rapporterar til Områdeleiar Vest.

Arbeidsoppgåver

- Personalansvar 
- Økonomisk og administrativt ansvar med rapportering til områdeleiar 
- Ansvar for at drifta vert gjennomført etter gjeldande kvalitetskrav og institusjonen sine mål 
- Gjennomføre medarbeidarsamtalar 
- Disponere personalet fleksibelt i forhold til institusjonen sin bemanningssituasjon på huset
- Pasientflyt i avdeling.
- Samarbeide på tvers av avdelingane i område vest og ellers til andre samarbeidsavdelingar i helse og omsorg
- Delta aktivt i leiargruppa i område vest
- Utføre systematisk HMS-arbeid i samarbeid med tilsette, verneombud og tillitsvalget
- Kjennskap til fagsystem Visma, Gerica, Infodoc og Gat er ein fordel
- Tett oppfølging av pasientar og deira pårørende
- Det totale faglige ansvar for pasientane i avdelinga
- Turnusplanlegging
- Planlegga internundervisning x1 pr mnd for personale saman med avd.leiarane frå 2 og 4 etg
- Planlegga og gjennomføra sjukepleiefaglig lunsjmøter x 1 i veka ilag med avd.leiarar frå 2 og 4 etg.
-Planlegga og gjennomføra avdelingsmøter minimum 1 x pr mnd.

Me søkjer

- norsk autorisasjon som sjukelpleiar 
- gyldig arbeids og opphaldstillatelse
- vidareutdanning innan relevante brukargruppe for avdelinga er ynskjelig.
- utdanning innan administrasjon, økonomi og personalleiing er ynskjelig. 
- erfaring som leiar i tilsvarande stilling 
- gode norsk kunnskaper
- gode datakunnskaper 
- kunnskap om turnusplanlegging 
- relevant erfaring og interesse innan kvalitetsforbetringsarbeid, pasientsikkerheitsarbeid.

Personlege eigenskapar:
- God på kommunikasjon
-God på samarbeid og fleksibilitet.
-Ansvarsbevisst og beslutningsdyktig
-Godt humør!
-Være motiverande og tydeleg i din leiarstil. 
-Evner å sjå medarbeidarane sine ulike behov
-Evne til å sjå mogelegheiter i staden for begrensningar
-Nøyaktigheit og struktur i alt ditt arbeid er ein forutsetning.
-Oppteken av både fag - og kvalitetsutvikling av avdelinga
-Kunne "trå til" på hektiske dagar og avhjelpe medarbeidar i avdelinga

Me tilbyr

- 100 % administrativ stilling, men påregneleg å måtte "trå til" i avdeling ved behov
- Ein avdeling der me ser nye moglegheter, spesielt ift turnus, arbeidsrutiner og kvalitetsforbetring
- Godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass med inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift
- Kompetanseorientert arbeidsmiljø
- God oppfylging og rettleiing
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju.

Kontakter

Navn: Roy Sørensen
Tittel: Leiar område vest
E-post: roy.sorensen@voss.kommune.no
Mobil: 41704952

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå