05/10/2018

Voss Sjukeheim, 4.etasje søkjer tilkallingsvikarar

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 29.11.2018

Om arbeidsstaden

Voss Sjukeheim er ein institusjon som ligg under Område Vest. Voss Sjukeheim ligg vegg i vegg med Voss Sjukehus og er i gangavstand frå Voss sentrum. Voss Sjukeheim består av 3 etasjar. 4.etasje er langtidsavdeling med 29 pasientar fordelt på 4 grupper. 3.etasje er langtidsavdeling med 24 pasientar og 5 på skjerma, forsterka eining. I 2 etasje er det korttidsavdeling med 20 pasientrom inkl eige avdeling for demensutgreiing. I korttidsavdelinga finn du også 3 ØH-senger, og palliasjonssenger. I 1.etasje har me basen til heimesjukepleien for sone vest, samt dagavdeling, reinhald og administrasjon.

4.etasje er ein langtidsavdeling med 29 bebuarar. Her jobbar det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar, assistentar, fagarbeidarar og me ha alltid elevar og lærlingar. Me har eit godt arbeidsmiljø med mykje faglig diskusjonar. Me jobbar alltid for å tilby best mogleg tenestar til våre bebuarar, ved å setje brukaren i sentrum gjennom tilrettelagt og individuell hjelp. Me ynskjer at alle våre tilsette skal delta aktivt og bidra med sine eigne interesser og ressursar, slik at me saman kan gjere kvardagen for våre bebuarar innhaldsrik og full av latter og glede.

Me søkjer

Tillkallingsvikarar til arbeid i vår langtidsavdeling, både i vekedagar og på helg. Har du "stå på vilje", engasjement og eit ynskje om å bidra slik at våre bebuarar får ein innhaldsrik kvardag er du hjarteleg velkommen til å søkje ekstrajobb hjå oss.

Personelege eigenskapar vert vektlagt. 
Tilsetjing fortløpande.

Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.

Arbeidsoppgåver

Hjelp til stell og pleie på morgon og kveld etter behov. 
Måltidsførebuing og hjelp til ernæring. 
Hjelp til mobilisering, sosial kontakt og aktivitet for alle bebuarar. 
Førefallande arbeid på avdelinga.

Me tilbyr

- Spennande og utfordrande arbeid i eit hektisk og givande arbeidsmiljø. 
- Opplæring og rettleiing av fagpersonell, og moglegheit til fagleg utvikling. 
- Eit godt tverrfagleg og sosial miljø på avdelinga, både ilag med bebuarar og kollegaer. 
- Lønn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanleg kommunale vilkår.

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Kontakter

Navn: Roy Sørensen
Tittel: Leiar område vest
E-post: roy.sorensen@voss.kommune.no
Mobil: 41704952

Navn: Solveig Liseth Vik
Tittel: Avdelingsleiar
E-post: Solveig.L.Vik@voss.kommune.no
Mobil: 41704924
Arbeid: 41704924

Ansettelsesform

Engasjement  

Søk nå