05/10/2018

Faste stillingar som heimehjelp med helg i heimesjukepleien

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 23.10.2018

Heimestenesta sone vest søkjer etter nye heimehjelper i faste stillingar. Dagvakter er heimehjelpsvakter medan kveldsvakter og helgevakter er i heimesjukepleien. Til desse stillingane er det arbeid annakvar helg.

Om arbeidsstaden

Sone vest er ei av fleire avdelingar som ligg i Område Vest. Alle avdelingane held til ved Voss Sjukeheim.

Arbeidsoppgåver

Heimehjelpsoppgåver:
Du hjelper med praktisk bistand i brukars heim, type oppgåver er mellom anna; golvvask, støvsuge, oppvask, klesvask, byte på senger, handle. Du arbeidar etter arbeidsliste som er basert på innvilga vedtak om heimehjelp.
Heimesjukepleieoppgåver:
Du hjelper brukar i eigen heim med nødvendig helsehjelp og oppfyljing, du arbeidar etter arbeidsliste, der hjelpebehov er basert på innvilga vedtak om heimesjukepleie. 
All naudsynt opplæring vert gjeven. Du må ha bilsertifikat.

Me søkjer

Me søkjer deg som er engasjert og har "stå på vilje", er trygg og omsorgsfull og har eit ynskje om å arbeida tett på våre brukarar. Det vert difor lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Tilsetjing fortløpande.
Det er eit krav om godkjend politiattest ved ei eventuell tilsetjing.

Me tilbyr

- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Kontakter

Navn: Helene Berge Flatekvål
Tittel: Leiar
E-post: Helene.B.flatekval@voss.kommune.no
Mobil: 99322130

Navn: Kirsten Øvrebø
E-post: kirsten.ovrebo@voss.kommune.no
Mobil: 91874220

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå