05/10/2018

Område Aust søkjer sjukepleiar - fast 100% i institusjon

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 25.10.2018

Utlyst stilling

100% fast stilling i institusjon, 2. etg. ved Vetleflaten Omsorgssenter, ledig frå 01.11.18 - tilsetjing fortløpande. 

Om arbeidsstaden

Område Aust er samorganisert; Vetleflaten omsorgssenter som har 64 sjukeheimsplassar fordelt på fire 
avdelingar og heimetenester som tilbyr tenester til om lag 215 brukarar i eigen bustad. Vetleflaten ligg ved Voss sentrum, det er gode buss og togforbindelsar. 

Arbeidsoppgåver

Du skal gjere sjukepleiefaglege oppgåver, både omsorgsoppgåver og aktiv behandling. Varierte oppgåver som krev kunnskap og fleksibilitet som sjukepleiar.
Du bidreg i eit tverrfagleg samarbeid
Du kan få 2-delt turnus med arbeid 3.kvar helg. 

Me søkjer

Deg med norsk autorisasjon og gode norskkunnskapar. Me vil ha deg som er trygg i rolla og fagleg dyktig. Me vil ha deg som kan ivareta brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet. Du må ha gode samarbeidsevner, høg arbeidskapasitet, vere nytenkjande og løysingsorientert. Me vil ha deg som kjem med ein god dose godt humør!

I tillegg må du ha stå på vilje, arbeidslyst, energi og ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet 
vårt.

Me tilbyr

- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn høgare enn sentralt ramme 
- og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal takast med til evt. intervju.

Politiattest må leggast fram før tiltredelse i stillinga.

Kontakter

Navn: Mai-Linn Jahren
Tittel: Avdelingssjukepleiar
Mobil: 91852970

Navn: IREN ØVSTEDAL STALHEIM
Tittel: Områdeleiar aust
E-post: iren.o.stalheim@voss.kommune.no
Mobil: 91809566

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå