05/10/2018

Sjukepleiar i korttidsavdelinga, faste stillingar

  • Voss kommune
  • Voss, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 31.10.2018

Informasjon om sjukepleiarstillingane

Me søkjer etter sjukepleiarar for å styrkje sjukepleiardekninga i vår korttidsavdeling. Stillingsstorleik etter ynskje.
Stillingane er ledige frå d.d. og mogeleg tilsetjing fortløpande.

Om arbeidsstaden

Voss Sjukeheim er ein institusjon som ligg under Område Vest. Voss Sjukeheim ligg vegg i vegg med Voss Sjukehus 
og er i gangavstand frå Voss sentrum. Voss Sjukeheim består av 3 etasjar. 4 og 3 etasje er langtidsplassar med 29 
pasientrom i kvar etasje. 2 etasje er ei korttidsavdeling med 20 pasientrom inkl eige avdeling for demensutgreiing. I 
korttidsavdelinga finn du også 3 ØH-senger.

Det er tett samarbeid mellom avdelingane her hjå oss, både i det faglege og i aktivitetane me arrangerer. Om du er 
glad i å sykle, strikke eller stelle med dyr; her har me litt for alle! Bli ein del av gjengen vår og delta på sykkelrittet 
Bergen-Voss, kom på strikkekveld, karneval eller på hagefestane ute i pasienthagen vår på baksida - berre fantasien 
sett grenser for kva aktivitetar me finn på!

2 etg er Voss Kommune si korttidsavdeling. Her jobbar det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar, 
assistentar, fagarbeidarar og me ha alltid elevar og lærlingar. Me har eit godt arbeidsmiljø med mykje faglig 
diskusjonar. Me jobbar alltid for å tilby best mogleg tenestar til våre brukarar, og sett pasientsikkerhet i fokus, sist 
gjennom eit stort prosjekt i pasientsikkerhet som me deltok i hausten 2017/vinteren 2018. Me jobbar med aktive 
primærkontaktroller, har tavlemøter og pasientsikkerhetvisittar i alle etasjar og finn på mykje lott og løye for både 
bebuarar og tilsette. Me ynskjer at alle våre tilsette skal delta aktivt og bidra med sine eigne interesser og ressursar, 
slik at me saman kan gjere kvardagen for våre brukarar innhaldsrik og full av latter og glede.

Arbeidsoppgåver

Me arbeidar etter primærsjukepleieprinsippet og våre sjukepleiarar har gruppeansvar for fleire rom i avdelinga.
Heilheitleg pleie, omsorg og behandling av brukarane med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar 
enkelt i det daglege. 
Bidra i stell i det daglege, i tillegg til ansvarsvakter som sjukepleiar dag,kveld og helg. Vakter knytt til ØH-sengene er merka i turnus.
Utarbeiding av tiltaks- og pleieplanar, gjennomføring av tavlemøter og evaluering av tiltak fortløpande. 
Legevisittansvar og legemiddeladministering. 
Rettleiing av lærlingar og elevar/studentar, både innan helsefag, sjukepleie og vernepleie. 
Vera medansvarlig for et godt arbeidsmiljø, bidra med godt humør, latter og engasjement. 
Tverrfagleg samarbeid mellom yrkesgrupper og tilsette på huset for å gje best mogleg tilbod til bebuarane. 
Vere ein positiiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene, kome med rettleiing og tilbakemelding, søkje 
kompetanseheving og ta del i internundervisningsopplegg på avdelinga.

Me søkjer

Sjukepleiar med norsk autorisasjon som er fagleg dyktig og gjerne med vidareutdanning innan akutt, geriatri, palliasjon eller anna relevant utdanning. Du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norsk kunnskapar både 
skriftleg og munnleg.

Som sjukepleiar i 2.etasje jobbar du tett ilag med fleire yrkesgrupper for å gje våre brukarar trygge og kvalitetssikra 
tenestar i alle ledd. Du må vere fleksibel, villig til å ta ansvar, kunne delegere og administrere oppgåver og bidra til eit 
positivt, utviklande og spennande fagleg miljø i avdelinga. All erfaring frå pasientsikkerhetsarbeid, forbetringarbeid og 
anna relevante kunnskap vert satt sterkt pris på, då me alltid jobbar aktivt med dette i vår avdeling. Me sett brukarane 
våre i sentrum, og ynskjer å styrke brukarmedverknaden og tilby individretta tenester utifrå kvar enkeltes ynskje. Du må 
ha vilje til å lære nye ting, ynskje kompetanseheving og vere med å rettleie studentar og lærlingar i fleire ledd.

Me etterstreber tilrettelagte turnusar for alle våre tilsette. Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Me tilbyr

- Spennande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
- Eit utfordrande, kompetanseorientert og trivelig arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- God oppfylging og rettleiing
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål tek du med ved intervju, politiattest må framleggast ved ei evt tilsetjing.

Kontakter

Navn: Bodil Tennebekk
Tittel: Avdelingssjukepleiar
E-post: bodil.tennebekk@voss.kommune.no
Mobil: 41704937
Arbeid: 41704937

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå