05/10/2018

Fagansvarleg miljøterapeut / vernepleier / sjukepleiar 100 % fast stilling - team 3

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 01.11.2018

Tenesta til personar med utviklingshemming gir tenester i egen heim. Tenesta har fokus på kvalitet, fagleg utvikling og å gi gode og riktige tenester til den einskilde. For å nå denne ambisjonen er tenesta i Helsetunvegen delt inn i fire grupper med ein fagansvarleg miljøterapeut i kvar gruppa, to av desse stillingane er nyoppretta. Den eine stillinga er besett og vi søke nå etter dei rette personane i dei tre andre gruppene. Det blir forventa at dei fire fagansvarlege miljøterapeutane arbeider på tvers av gruppene og utfyller kvarandre fagleg.

Denne stillinga er knytt til ei gruppe med 4 brukarar, brukarar som bur i eigen heim med dei pliktane det medfører. Brukarar som har ulike utfordringar i livet. Dei har levd nokon år og begynner å få aldersrelaterte plager i tillegg til ein utviklingshemming. Vi legg stor vekt på at den einskilde kan leve eit godt liv heile livet, eit liv med gode opplevingar. Vi legg vekt på å legg til rette for brukarstyring i det daglege. Vi har eit nært samarbeid med fastlege og habiliteringstenesta rundt den einskilde. Det er utarbeida turnus der det er sett av tid til ukentlege samarbeidsmøter i gruppa. Vi har tilbod om fagleg veiledning og opplæring. 

Vi søkjer:

* Ein person som er trygg og ansvarsfull, har evne til å formidle kunnskap og spille andre gode
* Ein person som har medisinsk kompetanse 
* Ein person som har kompetanse eller ønsker å tileigne seg kompetase innafor feltet utviklingshemning og aldring 
* Ein person som kan vurdere behov hos brukarane, kan lage tiltaksplanar og beskrive og evaluere tiltak.

Kvalifikasjonar:

Bachelor eksamen innafor helse- og sosialområde, helst sjukepleiar eller vernepleier Interesse for og kunnskap om utviklingshemning og aldring

Søker må ha gode kunnskap i bruk at elektroniske hjelpemiddel både når det gjeld bruk av verktøy i planlegging og evaluering av det miljøterapeutiske arbeidet og velferdsteknologi og bruk av teknologi for brukarane

Førarkort klasse B

Ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg. 

Arbeidsoppgåver:

* Bidra til å etablere eit godt læringsmiljø både for brukar og tilsette, eit miljø som gir struktur, tryggleik, trivsel og oppleving av mestring
* Bidra til å etablere felles forankring og forståing for fag- og kvalitetsutvikling
* Bidra til økt fagleg nivå blant dei tilsette
* Rettleie kollegaer både planlagt og fortløpande
* Miljøterapeutiske oppgåver
* Arbeidstid er 35,5 timer pr veke med arbeid kvar 3. helg, elles dagarbeid

Vi tilbyr:

* Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
* Hyggelige og dyktige kollegaer
* Fagleg veiledning 
* God pensjonsordning
* Hjelp til å skaffe bustad og evt. barnehageplass

For stillinga gjeld:

Tilsetting etter lov og avtaleverk

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga 

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid. For stilling utan krav til utdanning får du berekna ansiennitet for all offentleg og privat teneste. Som privat teneste kan også arbeid i heimen reknast med, med inntil 6 år. For alle andre stillingar får du ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakter

Navn: Kari Mæland
Tittel: Områdeleiar
Mobil: 91673976

Navn: Helene Holand
Tittel: Avdelingsleiar
Mobil: 91673902

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå