04/10/2018

Nattevaktstilling ft. i Open omsorg Ytre, avd. Hogslia

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 28.10.2018

Vi har ledig ei fast 60% nattevaktstilling i Open omsorg Ytre, avd. Hogslia. 

Hogslia har fleksibel turnusordning der dei tilsette i stor grad er med å påvirke når dei skal jobbe.   

I denne stillinga er det arbeid kvar 3dje helg.  I utgangspunktet er turnusen 3-delt, men vi ynskjer å prøve med ei stilling der ein går berre nattevakter.  Dette kan bli endra på ved eit seinare tidspunkt. 

 Vi søkjer etter personar som har:

  • barne- og ungdomsarbeidarar, helsefagarbeidarar eller andre med relevant erfaring
  • gode samarbeidsevner og er gode på teamarbeid
  • gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B 

 Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.  

 Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.noeller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Kontaktpersonar:
Karine Igland 
mob: +47 95982940

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå