03/10/2018

Erfaringskonsulent (rus/psykiatri)

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 27.10.2018

Stillinga

Austrheim kommune skal tilsetje erfaringskonsulent i 100 % stilling for å styrka arbeidet inn mot rus/psykiatrifeltet og samarbeid med brukar. Stillinga skal vere ein brubyggar mellom brukar og fagmiljø.

Fleksibel arbeidstid. Ettermiddag og kveldsarbeid må påreknast. Stillinga er finansiert med støtte frå Fylkesmannen. Dette er eit lavterskeltilbod for personar som er rusavhengige og/eller slit med psykiske vanskar.

Erfaringskonsulenten vi søkjer vil ha den største delen av stillinga knytt opp til dagsentertilbodet vårt Grønt arbeid. I tillegg vil stillinga bli knytt opp mot bustadtilbodet for brukarar. Som erfaringskonsulent har du ein unik kompetanse pga. din eigen erfaring med behandling innan tenesta. Du kan dermed kome i kontakt med brukarane på eit anna nivå og løfte fram brukarperspektivet. Det å vere tilgjengeleg for brukarane, med fokus på den gode samtalen, samstundes hjelpe til med å setje brukar i kontakt med rett instans etter behov, er viktig. 

Kvalifikasjonar for stillinga.

Eigenerfaring med rus eller psykiatri, men har over tid hatt eit avklart og rusfritt forhold til dette.

Erfaring som brukar av hjelpeapparatet innanfor rus/psykisk helse.

Personlige egenskaper

  •  Du har eit avklart forhold til eigen problematikk.
  •  Du har eit ønskje og evne til å reflektere rundt eigen prosess og kunne sjå eigne   erfaringar i eit større perspektiv.
  •  Du klarer å dele eigne opplevingar med psykiske og/eller rusutfordringar med andre.
  •  Du klarer å skilje eigen problematikk og andre sin.
  •  Du er interessert i menneske.
  •  Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  •  Du er ansvarsbevisst og pliktoppfyllande.
  •  Du har evnen til å arbeide sjølvstendig og i team.
  •  Du har ønskje om å vere med å videreutvikle dette arbeidsfeltet fagleg.
  •  Personlig eigenskapar vil bli vektlagt.

Opplysningar om stillinga

Samstundes med denne tilsetjinga vil Austrheim kommune starte eit prosjekt for utvikling av tilbodet til personar innan rus og psykiatri. Prosjektet vil ha som siktemål å vidareutvikle det tverrfaglege kommunale tilbodet for rus og psykiatri. Den som vert tilsett, vil, saman med prosjektleiaren i denne omgang bli tilsett i prosjektet som ligg direkte under rådmannen. I løpet av prosjektprerioden vil det bli avgjort kvar stillinga endeleg skal plasserast. Prosjektet vil starte opp med eigen prosjektleiar parallelt med tilsetjinga av erfaringskonsulenten. Begge desse stillingane vil bli sentral i prosjektet og vidareutvikling av tilbodet for rus og psykiatri i Austrheim. 

Informasjon om stillinga

Som erfaringskonsulent kan du ta del i eit nasjonalt nettverk. Sjå informasjon på denne lenka.

https://www.napha.no/content/21954/Erfaringskonsulenter-far-egen-organisasjon

Nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med fagleiar psykiatri/psykiatrisk sjukepleiar Kristine A. M. Fanebust eller assisterande rådmann Olav Mongstad. 

Vi kan tilby

- Lønn etter avtale

- God pensjonsordning, KLP

- Fleksitid

- Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk. 

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no.

Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Søknadsfrist 27. oktober 2018. 

Kontaktpersonar

Kristine A. M. Fanebust 56 16 82 00
Olav Mongstad. 56 16 20 00

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå