01/10/2018

Ledig 75% ergoterapeutstilling ved Vikane omsorgssenter

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 22.10.2018

Det er ledig 75% stilling som ergoterapeut på dagsenter ved Vikane omsorgssenter. Dagsenteret har brukarar både frå institusjon og heimebuande

Arbeidsområde:

Målretta arbeid innan førebygging, aktivitet og trening blant brukarar ved dagsenter som har eldre som målgruppe.

Det vil bli lagt vekt på kompetanse innan følgjande områder:

  • Kartlegging av brukarane sitt funksjonsnivå, gjeld bebuarar både ved institusjon og eigen heim

  • Førebyggjande arbeid for å oppretthalde brukarane sitt funksjonsnivå og sjølvmeistring i kvardagen

  • Helsefremjande og førebyggjande arbeid både individuelt og i grupper

  • Tverrfaglig samarbeid 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Ergoterapeut eller anna relevant høgskuleutdanning, andre kan også søkje

  • Personlege føresetnader, god samarbeidsevne og relevant praksis vert vektlagd

  • Datakunnskapar 

Vi kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø

  • Utfordrande arbeid

  • Tenester i utvikling

  • Kompetansetiltak

  • God pensjonsordning

  • Hjelpsam med bustad  

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjedande lover, tariffavtale og reglement

  • Lønn etter tariff

  • Den som vert tilsett må legge fram helse- og politiattest av ny dato 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)  

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

Kontaktpersonar:

Kommunalsjef Heidi Vederhus 
tlf: 57874781 
mob: 41922889

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå