12/09/2018

Vikariat ved team for psykisk helse og rus

  • Haram kommune
  • Haram, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 30.09.2018

Team for psykisk helse og rus har eit ledig vikariat omgåande og som varer ut august 2019. Vi søkjer etter nokon med høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag. Vikariatet er i utgangspunktet 90 % stilling, men kan etter avtale aukast til 100 %. 

Arbeidsstad er Dalebu bustader, som er ein del av Team for psykisk helse og rus. Teamet har tett samarbeid og tilpassar tilbodet etter brukaren sitt hjelpebehov. Vi samarbeider også med andre kommunale tenester og Helseføretaket. 
Dalebu bustader er eit heildøgnstilbod der ein utfører miljøarbeid til heimebuande personar busett i Dalebu eller omliggande område.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å følgje opp dei miljøterapeutiske tiltaka rundt kvar enkelt brukar.
  • Koordineringsansvar.
  • Arbeidet inneber noko køyring i forbindelse med eksempelvis aktivitetar i lag med brukar, førarkort er difor ein føresetnad.
  • Arbeid etter oppsett turnus, med arbeid kvar tredje helg.

Kvalifikasjonar

  • 3 årig helse- og sosialfaglig utdanning, gjerne med vidareutdanning innan psykisk helse eller rus.
  • Vi legg vekt på erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus.

Personlege Eigenskapar

  • Har interesse for og er personleg eigna til psykisk helsearbeid.
  • Har gode samarbeidsevne, er fleksibel og med evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Reflekterer over seg sjølv i relasjon til brukar, pårørande og medarbeidarar.
  • Har lyst til å vere ein del av eit team.

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver.
  • Tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • God pensjonsordning.
  • Ryddige arbeidsforhold.
  • Tilsetting, løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lovar og tariffavtalar.

Kontaktinformasjon

Amanda Verpeide, Avdelingsleiar Dalebu Bustader, +47 70 20 93 10

Arbeidsstad

Brattvåg

For elektronisk søknadsskjema, trykk på knappen "Søk nå" på denne sida.

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk nå