SØKNADSFRIST: 25.04.2021
Bremanger kommune med omlag 3700 innbyggjarar, har ledig ein fastlegeheimel frå 01.09.2020 ved Svelgen helsesenter.
Bremanger kommune har 5 fastlegeheimlar der 2 er på Hauge legekontor i ytre Bremanger og 3 ved Svelgen helsesenter.
Fastlegen sitt arbeid omfattar kurativt arbeid, deltaking i legevakt og deltidsstilling som kommuneoverlege. Ein må pårekne å verte tilplikta kommunale oppgåver.
Kommunen er tilslutta interkommunal legevaktsentral, lokalisert i Førde.
Avtale om driftsavtale og/eller tilsetting i kommunal stillingsprosent, skjer på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld med grunnlag i gjeldande lover, reglement, tariffavtalar, sentrale og kommunale avtalar om drift av fastlegeordninga.
Evt. vilkår for kjøp av delar av praksis, avtalast med selgar etter vanlege retningslinjer.
Kontaktpersonar:
Anita Brevik
Driftssjef
95982939
anita.brevik@bremanger.kommune.no
Randi Ytrehus
Kommunalsjef Helse
95988707
randi.ytrehus@bremanger.kommune.no
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.