SØKNADSFRIST: 25.04.2021
Er du sjukepleiar, og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver?
I Bremanger kommune, for tida på Bremanger sjukeheim - er det ledig 100% fast sjukepleiarstilling, stillinga er ledig frå snarast.
Kvardagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3 avdelingar. Den eine avdelinga er spesielt tilrettelagt for demente, og ein har og eit lindrande rom.
Vi arbeider i for tida 3-delt årsturnus, her har medarbeidarane anledning til å få innverknad på arbeid– og fritida si.
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.
Serviceinnstilling og personleg egnaheit vektleggast
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no.