06/09/2018

Lærarstillingar

  • Hjartdal kommune
  • Hjartdal, Norge
Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 21.09.2018

Ref. nr: 18/1982 

Sauland skule har ledig 60 % vikariat for skuleåret 2018-19. 

Vi søkjer etter lærarar som likar å undervise og å sjå utvikling hjå barna både fagleg og sosialt. Vi er opptatt av fagleg utvikling hjå tilsette. Vi legg vekt på at vi skal ha ein god arbeidsplass for både elevar og lærarar og alle som er knytt til skulen. Gode relasjonar er viktig fundament for å lukkast i dette arbeidet. 

Info om eininga 

Sauland skule ligg i Sauland sentrum, rett ved Sauland kyrkje. Sauland skule er ein barne- og ungdomsskule. På 1.-7- steg er vi fådelt, men på ungdomssteget er det fulldelt med ei klasse på kvart steg. Skulen sine satsingsområde er tidlig innsats, tilpassa opplæring ( TPO), lesing i alle fag, klasseleiing og relasjonar. I tillegg har vi læringsbrett (iPad) til alle elevane på ungdomssteget. Det byggast Nye Sauland skule for mellomsteget og ungdomssteget. Dette blir eit flott skulebygg som vil leggje til rette for varierte undervisningsformer. Forventa ferdigstilling av bygget er ved årsskiftet 2018/2019. 

Formelle kvalifikasjonskrav: 

Godkjent utdanning som allmennlærar eller grunnskolelærar. Relevant erfaring vil bli tillagt vekt. Vi er ute etter ein lærar som kan gi undervisning i særskilt norsk for flyktningar og andre relevante fag. Kompetanse innan spesialundervisning er også eit behov på skulen. 

Personlege eigenskapar: 

  • Tydeleg klasseleiing
  • Positivt elevsyn
  • Samarbeidsvillig
  • Positiv
  • Initiativrik 

Vi tilbyr:

  • God pensjonsordning gjennom SPK
  • Lønns- og arbeidsvilkår i henhold til gjeldende avtaleverk
  • Godt arbeidsmiljø 

Anna: 

Dei som blir tilsett må leggja fram gyldig politiattest, jfr Opplæringslova § 10-9.

Kopi av vitnemål og attester leverast i forbindelse med intervjuet.

Den som blir tilsett må være personleg egna for stillinga. 

Spørsmål til stillingane kan rettast til: 

Wenche Grotbæk, Rektor Sauland skule, tlf: 35028300/95725391 

Søknad med CV sendast til postmottak@hjartdal.kommune.no eller Hjartdal kommune, Servicekontoret, 3692 SAULAND. Merk søknaden med ref. nr. 18/1982.

 

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk nå