06/09/2018

Sjukepleiarar

  • Hjartdal kommune
  • Hjartdal, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 21.09.2018

Ref. nr: 2018/1942

  • 70% fast stilling tredelt med nattevakthelger kvar 3. uke. 
  • 50% fast stilling tredelt med nattevakthelger kvar 3. uke. 

Info om eininga 

Då vi skal bygge nytt Omsorgssenter i Hjartdal vil arbeidsstad i perioden 2018- 2020 vera på Notodden omsorgssenter og Teletunet. Vi har 23 plassar, 6 på skjerma avdeling. Frå 01.01.2019 har vi og ein kommunal døgnplass (KAD- seng). 

Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Autorisasjon som sjukepleiar. 
  • God norsk skriftlig og munnleg framstillingsevne. 

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å vere løysingsorientert, reflektert og fleksibel. 
  • Har vilje til og bidra til eit positivt arbeidsmiljø. 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide i team.
  • Evne til å kunne handtere akutte situasjonar jf. retningsliner
  • Gode kommunikasjonsevner 

Vi tilbyr: 

  • Gode forsikrings-, og pensjonsordningar
  • Variert arbeid i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Tilsetting og lønn i samsvar med gjeldande lovar, reglement og tariffavtale
  • Sjukepleiarar får kr. 25 000,- ekstra i heil stilling 

Anna:

Dei som blir tilsett må leggja fram gyldig politiattest.

Kopi av vitnemål og attester leverast i forbindelse med intervjuet. 

Den som blir tilsett må ha evne til å lære seg bruk av teknisk utstyr, ha generelle datakunnskapar og bidra til kvalitetsforbetring av tenesta. 

Den som blir tilsett må være personleg egna for stillinga.

Spørsmål til stillingane kan rettast til:

Sissel Brenna Skogholt, einingsleiar omsorg, tlf. 35 02 80 70. 

Søknad med CV sendast til postmottak@hjartdal.kommune.no eller Hjartdal kommune, Servicekontoret, 3692 SAULAND. Merk søknaden med ref. nr. 2018/1942. 

Søknadsfrist 21.09.18

Ansettelsesform

Fast  

Søk nå