SØKNADSFRIST: 07.03.2021
Høyanger skule har ledig stilling som rektor i 100 % stilling frå 01.08.2021
Hovudoppgåver:
- Ansvar for fagleg og administrativ drift
- Ansvar for utvikling av skulen som lærande organisasjon og at måla blir nådde
- Inngår i kommunen sitt skulefaglege leiarforum
Vi ønskjer søkjarar som:
- Har god innsikt i det faglege og pedagogiske arbeidet
- Har godkjend undervisningskompetanse til å arbeide i grunnskulen
- Utøver tydeleg leiarskap
- Har evne til å kommunisere godt internt og eksternt
- Er serviceinnstilt og løysningsorientert
- Har erfaring frå skuleleiing
- Tek rektorutdanning dersom dette manglar
Vi kan tilby:
- Godt og kreativt arbeids- og læringsmiljø
- Interessante og spennande arbeidsoppgåver
- Løn etter avtale
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
- Hjelp til å skaffe kommunal bustad
Personlege eigenskapar blir vektlagt. Det er krav om politiattest for den som blir tilsett.
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kommunalsjef oppvekst Stig Engen, tlf 99 21 93 66.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Kontaktperson:
Stig Engen
tlf: +47 57711562
mob: +47 99219366
Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med ca. 280 elevar, ca 33 lærarårsverk og SFO- ordning med ca. 80 born. Skulen ligg sentralt i Høyanger tettstad, nær idretts- og badeanlegg. Kommunen og skulen deltek i eit prosjekt med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Høyanger vidaregåande skule om eit samanhangande opplæringsløp 1-13.
Velkommen til Høyanger kommune! Vi kan tilby eit godt oppvekstmiljø, ei aktiv fritid med spanande aktivitetar og eit næringsliv i utvikling og vekst.
Som besøkjande eller som ny innbyggjar fins det truleg ein del spørsmål du ynskjer svar på. Nokon svar finn du på våre nettsider, men du er også hjartleg velkommen til å kontakte vårt sentralbord om du har ytterlagare spørsmål.