SØKNADSFRIST: 06.03.2021
Helsestasjonen og Psykisk helse og rus søker
Vi har ledig totalt 100 % vikariat/mellombels stilling som kommunepsykolog frå snarast.
Vikariatet varer i utgangspunktet i eit år.
Helsestasjonen er lokalisert i dei ulike delane av Sunnfjord kommune. Stillingsressursen vil i utgangspunktet ha kontorstad på Helsestasjonen i Førde, lokalisert i 3.etasje i Førde Rådhus.
Helsestasjonen yt helsefremjande og førebyggande tenester til barn, unge og deira familiar, inkl. svangerskapsomsorg, kommunepsykolog og helsestasjonen sitt oppfølgingsteam. Eininga har 34 faste tilsette med tverrfagleg samansett kompetanse, inkl. 200 % psykologressurs.
Psykisk helse og rus er delt i fire soner; i Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande. Ein må ta høgde for å nytte noko av arbeidstida ute i de ulike sonene ved behov. Eininga gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til innbyggjarane i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege råmer. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet, og fordrar også at ein er trygg på eigne avgjerdsle.Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. I eininga er vi omlag 20 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Vi har også ei utekontaktstilling som jobbar førebyggande opp mot ungdom.
Du må har førarkort kl. B.
Politattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontaktperson:
Einingsleiar Helsestasjon, Magni Håvardstun
mob: +47 975 05 792
Einingsleiar Psyikisk helse og rus, Finn Ove Arnes
mob: +47 476 53 520
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no/
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.