SØKNADSFRIST: 03.03.2021
Solund er eit særeige øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.
Solund kommune har ledig 100% fast stilling som ingeniør/byggjeleiar innan eining for plan og tekniske tenester.
Plan og tekniske tenester har ansvar for sakshandsaming av plan- og byggjesaker, kart- og oppmålingstenester, landbruksforvaltning, VAR-området, teknisk drift av bygg og anlegg, utbyggingsprosjekt og beredskap.
Vi arbeidar med fleire spanande prosjekt og har behov for ein ny medarbeidar for å sikre god medverknad og kvalitet i prosjekta.
Større prosjekt som er under planlegging med det fyrste er:
Solund kommune arbeidar kontinuerleg med utvikling og nye prosjekt vil kome til etter kvart.
Arbeidsoppgåver som vil ligge til stillinga er mellom anna
Ynskjelege kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Løn og tilsetjingsvilkår
Vi tilbyr
Språk
Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Leiar for plan og tekniske tenester Terje Drengenes tlf. 57 78 62 00 / 971 76 822. E-post terje.drengenes@solund.kommune.no
Velkommen som søkjar!
Kontaktperson:
Terje Drengenes
tlf: +47 97176822
Heimeside:
www.solund.kommune.no
Ytst i Sognefjorden ligg øyriket Solund, ein av få reine øykommunar i landet og med fleire øyar enn dei 807 innbyggjarane som bur her. Dei siste åra har vi opplevd folketalsauke, noko som gjer oss unike samanligna med andre småkommunar. Her er høve til ulike fritidsmogelegheiter, både organiserte og det du kan finne på sjølv "til lands og til vanns", Vi har god kommunikasjon til fastlandet.
Følg linken og vert litt betre kjent med oss:
http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ