SØKNADSFRIST: 10.03.2021
OPPLEV VAKRE NISSEDAL!
Nissedal legekontor har ledig 100% vikariat som kommunelege frå 26.04.2021 til 12.08.2022 - ID 628.
Legekontoret ligg idyllisk til ved innsjøen Nisser i Treungen sentrum, omkransa av nydelege fjell med flotte turmoglegheiter. Er du glad i friluftsliv, er dette staden for deg!
Legekontoret er bemanna med to kommunelegar, turnuslege, sjukepleiar og helsesekretær, og er kjent for å ha eit godt arbeidsmiljø.
Om stillinga
Kvalifikasjonar:
Vi tilbyr
Det vert kalla inn til intervju
Kontaktperson
Hild Riseth Fjone, avdelingsleiar helseavdelinga – mob. 404 80 877
Andreas Myklebust, kommuneoverlege – tlf. 35 04 84 20
Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov og kommunen sitt reglement.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».
Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura og høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn.
Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.
I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane.
Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter.
Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.
Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Fjone, Treungen, Haugsjåsund og på Felle.
I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.