SØKNADSFRIST: 05.03.2021
Frå og med 01.08.21-31.12.2021 er det ledig eiit vikariat i 100% stilling som lærar ved Årås skule.
Frå og med 01.08.21-11.10.2021 er det ledig eitt vikariat i 100% stilling som lærar ved Årås skule.
Årås skule har frå hausten 2021 249 elevar fordelt på 1.-10.trinn. Vi er ein PALS- skule som arbeider systematisk med eit godt arbeids-
og læringsmiljø for elevar og tilsette. Vi er òg ein Realfagskommune. Spørsmål om stillingane kan rettast til rektor
Bodil Boie Brekkan.
Undervisning primært på ungdomssteget.
Kompetanse og politiattest jfr. Opplæringslova.
På ungdomsskulen søkjer ein etter lærarar som har kompetanse i norsk, engelsk, kunst og handverk, mat og helse og spansk.
Registrer på cv-en kva fag/studiepoeng ein har.
Spørsmål om stillingane ved Årås skule kan rettast til rektor Bodil Boie Brekkan.
Bodil.Boie.Brekkan@austrheim.kommune.no Mobil: 416 67 755.
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.
Søkjar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000
Kontaktperson:
Bodil Boie Brekkan
Rektor
E-post bodil.boie.brekkan@austrheim.kommune.no
Mobil +4741667755
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) er i ferd med å løfte seg etter ein periode med økonomiske utfordringar. Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!