05/09/2018

Fagarbeidar/aktivitør i vaksenopplæringa

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Oppvekst

Beskrivelse

SØKNADSFRIST: 23.09.2018

Vi har ledig stilling som fagarbeidar/aktivitør ved vaksenopplæringa på Rise i Svelgen. 

Stillinga er mellombels og gjeld for skuleåret 2018/19

Bremanger kommune har undervisning for vaksne minoritetsspråklege. Undervisningsstadane er på Rise Næringsbygg i Svelgen.

Vi søkjer etter fagarbeider eller tilsvarande, som er interessert i å jobbe med vaksne framandspråklege.  Andre med erfaring og interesse for rettleiing av vaksne er velkomne til å søkje.

Stillinga er på ca. 88 % frå 1.10.2018 til 21.6.2019. 

Arbeidstida vil vere frå 8.30 – 15.30. Du har fri jul, påske og inneklemte dagar. Jobb i skulens haust og vinterferie.

Vi kan  tilby tariffløn og gode pensjonsordningar. 

Du må:
- ha gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk
- kunne dei 4 vanlege rekneartane i matematikk
- interesse for data
- like og jobbe saman med menneske frå ulike nasjonar
- vere sjølvstendig og ta initiativ
- ha lett for å tileigne deg kunnskap i bruk av dataprogram
- det er ein fordel om du kan fleire språk 

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i eige dokument sendt til post@bremanger.kommune.no eller Bremanger kommune, pb 104, 6723 Svelgen.  

Alle søkjarar til ledig stilling i Bremanger kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

Ansettelsesform

Engasjement  

Søk nå