SØKNADSFRIST: 25.01.2021
Stillinga ligg i sentral stab, og vil ha sin arbeidsplass på nyrenovert kommunehus i Bø. Du vil samarbeide tett med heile organisasjonen, særskildt teknisk eining.
Midt-Telemark kommune har utarbeida ny samfunnsplan, og arealplan vedtakas ila 2021.
Er du opptatt av samfunnsutvikling, er dette jobben for deg.
Arbeidsoppgåver og organisering kan vurderas ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Kopi av vitnemål og attestar leverast i forbindelse med intervjuet.
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk.
Søknad må sendast elektronisk via valget "søk på stilling".
Vi anbefalar å skrive søknadsteksten i eit teksbehandlingssystem før du startar søkjeprosessen. Da kan du kopiere/lime inn teksten i søknaden. Når du startar å registrere søknaden, må du gjere den ferdig. Det er ikkje mogleg å mellomlagre søknaden.
Hvis du har huka av for at du vil ha dokumenter og anna kommunikasjon tilsendt elektronisk, vil du få ein epost med kvittering om at søknaden er mottatt.
Kontaktperson:
Mona Slaaen
ass.kommunedirektør/ kommunalsjef
Mobil 40871029
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.