13/01/2021

Vil du vere med å utvikle Borgafjellet barneskule? Vi søkjer Avdelingsleiarar

  • Bjørnafjorden kommune
  • Borgafjellet, Os, Norge
Undervisning - Pedagogikk

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 31.01.2021

Vi har ledig 200 % fast stilling som avdelingsleiar ved Borgafjellet barneskule frå 01.05.2021. 
Den eine stillinga vil og vere avdelingsleiar for SFO.

Vi ser etter deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å planlegge, starte opp og utvikle vår nye barneskule. Skulen treng avdelingsleiarar som gjennom begeistring og engasjement vil vere med å bygge opp ein ny arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. 

Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).  

Arbeidsstad

Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen (ved sidan av Eventus Borgafjell barnehage). Venteleg vil vi skuleåret 2021/2022 flytte inn i eit nytt og topp moderne skulebygg med plass til om lag 380 elevar. Skulen vil vere ein to parallell skule. Skuleåret 2021-22 reknar vi med å ha 230 elevar og om lag 25 tilsette.

Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna. 

Arbeidsoppgåver

Vi treng avdelingsleiarar som saman med leiargruppa;

- har personalansvar
- leiar det pedagogiske utviklingsarbeidet
- inspirerer andre og bidrar til livsglede og arbeidslyst
- bidrar til samarbeid og gode relasjonar blant elevar og i personalet
- skaper engasjement for å sikra godt læringsmiljø og læringsresultat
- er utvikling- og endringsmotivert, er fleksibel og har god kapasitet
- har gode relasjons-og kommunikasjonsevner
- bidrar med god påverknad i vidareutvikling av eit utviklingsorientert leiarteam

Avdelingsleiarane får òg ansvar for ulike forvaltningsoppgåver som til dømes timeplanlegging, prøveadministrasjon, personalarbeid, vikararbeid, medansvar for økonomi og elles den daglege drifta. Noko undervisning må påreknast. 

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Søkjarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

Skulen har som mål å få mest mogleg komplettær leiing - så den rette søkjaren vil bli vurdert opp mot leiinga skulen alt har.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. 

Eigenskapar

- Undervisningskompetanse
- God IKT- kompetanse
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging 

Vi ser etter deg som;

- er løysingsorientert og god på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr

- Faglege og personlege utfordringar i eit nytt og spennande arbeidsmiljø
- Leiarstøtte og mentorordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Lønn etter avtale

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.

Kontaktperson:

Gunnhild Hansen
tlf: +47 56 57 59 60
mob: +47 415 16 433

Søknadsfrist

31.01.2021

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!