13/01/2021

Ergoterapeut/miljøterapeut

  • Sunnfjord kommune
  • Skei, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 23.01.2021

Vi har ledig følgande stilling:

  • 100 % vikariat som ergoterapeut frå 01.03.2021 - 31.12.2021.

Stillinga kan eventuelt delast i to der 50 % er vikariat som ergoterapeut i fysio/ergoterapitenesta, og 50 % vikariat som miljøterapeut/helsefagarbeidar i aktivitetseininga. Dersom du er ergoterapeut kan du søke på begge stillingane.

Omtale av einingane

Fysio/ergoterapitenesta:

Eininga har 20 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar. 

Aktivitetseininga:

Vi har aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anna type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi har også ansvar for senter for friskliv og frivilligheit. Vi er i alt 45 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga fordelt på små og store stillingar i heile kommunen. 

Omtale av stillingane

Stillinga som ergoterapeut er delt likt mellom eininga fysio/ergoterapi og Aktivitetseininga, med faste dagar i kvar eining. Stillinga er i utgangspunktet tilknytt arbeidsstad Skei, men det kan vere aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt andre arbeidsstader i kommunen.

Arbeidsoppgåvene som ergoterapeut i eininga fysio/ergoterapi er i hovudsak knytt til vaksne og eldre. Det vert starta opp ei ny rehabiliteringsavdeling på Skei i 2021, med sju plassar. Ergoterapeut vil vere ein sentral fagperson inn mot denne avdelinga.

Tenesta har eit nært samarbeid med dei andre kommunale fagområda som rettar seg mot vaksne og eldre, og vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling med andre teneste.

Stillinga i Aktivitetseining er knytt til dagsenter for personar med demens og eldre på Skei.

Arbeidsoppgåver som ergoterapeut:

  • individuell oppfølging og behandling av vaksne og eldre i og utanfor institusjon, inkludert rehabiliteringsoppgåver og poliklinisk oppfølging
  • rettleiing og samarbeid med andre faggrupper
  • hjelpemiddelarbeid

Arbeidsoppgåver på dagsenter:

  • Hovudoppgåva er å tilby dei eldre gode møter i eit sosialt fellesskap, der trivsel er det aller viktigaste. I tillegg ønsker vi å arbeide for å vedlikehalde funksjonar og det friske i folk. Tilbodet kan også vere ei avlasting for pårørande.

    Dei som kjem til dagtilboda skal møtast av eit personale som ønsker å sjå og ivareta den einskilde.

 Krav til søkar:

  • autorisasjon som ergoterapeut for stilling i fysio/ergoterapitenesta
  • helse- og sosial fageleg utdanning som ergoterapeut/sjukepleiar/vernepleiar/aktivitør/helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning for stillinga i Aktivitetseininga
  • førarkort klasse B
  • god IKT- kompetanse
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Vi søker deg som:

  • har god arbeidskapasitet, og kan handtere ein hektisk kvardag med mange arbeidsoppgåve
  • er strukturert og flink til å planlegge eigen arbeidskvardag
  • er kreativ og glad i menneske
  • har god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogrammet CosDoc
  • er fagleg trygg og flink til å samarbeide med andre
  • erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje noko absolutt krav

Vi kan tilby:

  • utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • samarbeid med mange engasjerte menneske i kommunen
  • lønn etter kommunal tariff

 Du må søke elektronisk. 

Velkommen som søkar! 

Ta kontakt med
einingsleiar Marita Brandsøy Lystad (fysio/ergoterapi)
tlf 952 23 424


eller einingsleiar Hilde Iren Rivedal (aktivitetseininga)
tlf 934 28 681
ved spørsmål.

Søknadsfrist

23.01.2021

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk her!