12/01/2021

Bibliotekar

  • Bjørnafjorden kommune
  • Os, Bjørnafjorden, Norge
Kultur - Bibliotek

Beskrivelse

 

SØKNADSFRIST: 25.01.2021

Bjørnafjorden bibliotek har eit hovudbibliotek i kommunesenteret Osøyro og ein filial i Eikelandsosen. Biblioteket er ein godt besøkt institusjon, og hovudbiblioteket har samla hatt 5 % auke i utlån i 2019. Dei siste åra har det vore stort fokus på barn og ungdom, og vi søker etter ein person som særleg vil vera med å vidareutvikla dei digitale tenestene for alle aldersgrupper.

Stillinga er eit engasjement i 100% stilling frå snarast og til 31.12.2021

Arbeidsstad

Hovudbiblioteket og Eikelandsosen bibliotek. Kveldsvakter og laurdagsvakter ligg til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for katalogisering, samlings- og tenesteutvikling i Eikelandsosen bibliotek i samarbeid med teamet
  • Utvikling av eit digitalt tenestetilbod
  • Markedsføring av aktivitetar og tilbod i sosiale medier og nettstad.
  • Gjennomføra digitale formidlingsarrangement på Youtube til vaksne
  • Formidlingsarbeid, utvikling og gjennomføring av digital opplæring spesielt retta mot eldre
  • Kurs i programmering for barn, ungdom og vaksne
  • Samarbeid med lag og organisasjonar
  • Rettleia publikum på kommunal infoskjerm
  • Lesestund på laurdagar
  • Skranke- og publikumsteneste

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad i bibliotekfag eller annan relevent høgare utdanning fortrinnsvis innan tekniske løysingar
  • God kunnskap om og interesse for litteratur og digitale medier
  • God formidlingskompetanse
  • Ønskeleg med god digital forståing og kompetanse, gjerne enkel programmering
  • God i skriftleg nynorsk
  • Erfaring med digital utvikling
  • Erfaring med marknadsføring av bibliotek
  • Erfaring med å utvikla tenester og arrangement
  • Det er ein fordel med førarkort

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Erik Vangsnes
Telefon: 472 77 146

Kontaktperson: Trine Helene Rikheim Pete
Telefon: 56 57 52 74

 

Søknadsfrist

25.01.2021

Ansettelsesform

Engasjement  

Søk her!