12/01/2021

100% fast stilling ved Vinje helse og omsorg, legeavdelinga som autorisert sjukepleiar

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 29.01.2021

Stillinga er delt i 50 % diabetessjukepleiar og 50 % sjukepleiar Tokke-Vinje legevakt. 

50 % Diabetssjukepleiar:

Me søkjer deg som har vidareutdanning innan diabetessjukepleie, eller deg som ynskjer å ta 60 stp i diabetessjukepleie. Arbeidsgjevar dekker skulepengar. Elles gjeld reglane for etter- og vidareutdanning i Vinje kommune. Ved etter- og vidareutdanning blir det stilt krav om bindingstid. Oppgåver som diabetessjukepleiar inneber tett samarbeid med legetenesta og andre faggrupper.

Vår erfarne diabetessjukepleiar seier:
«Med sin kompetanse, praktiske erfaring, heilskaplege tilnærming og stabilitet, har sjukepleiar/diabetessjukepleiar ein unik posisjon – ein nøkkelrolle – til å ivareta heilskapen og kompleksiteten i førebygging og behandling av overvekt/fedme, diabetes og andre livsstilssjukdomar i primærhelsetenesta, i nært samarbeid med fastlege, fysioterapeut og andre faggrupper» 

50 % sjukepleiar ved Tokke-Vinje legevakt:

Vinje er vertskommune for Tokke –Vinje legevakt, der legevaktsentral og –stasjon er lokalisert ved Vinje legekontor. Legevakt er ein døgnkontinuerleg teneste der sjukepleiar skal handtere alle kontaktar til legevakt i samsvar med Norsk Medisinsk Index og anna verkty for avgjerdsstøtte. Dette inneber laboratoriearbeid og assistanse i undersøking og behandling av pasient. Tokke- Vinje legevakt er bemanna med stasjonær sjukepleiar frå kl 08.00 -22.30 alle dagar heile året, og har lege i vaktdistriktet heile døgnet.

Stillinga inneber kveldsvakter over rullerande 8 vekers turnus, arbeid kvar 4.helg.

Har du lyst til å bidra i dette arbeidet?

Me ynskjer at du er:

  • Autorisert sjukepleiar med fagleg engasjement for temaet
  • Er systematisk i di arbeidsform
  • Er villig til å vidareutdanne deg innom feltet
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Personleg eignhaheit vil bli vektlagt

Diabetessjukepleiar stillinga har dagarbeidstid, og blir kombinert med 50 % stilling i turnus, arbeid kvar 4. helg, ved Tokke – Vinje legevakt.

Ved interne omrokkeringar kan det bli tilsetting i fleire stillingar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Kenneth Haugland – Tokke Vinje legevakt – tlf 91 86 44 95
Hege Rorgemoen – diabetessjukepleiar        - tlf 43 21 01 56

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.



Søknadsfrist

29.01.2021

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!