SØKNADSFRIST: 23.01.2021
Naustdal omsorgssenter har 20 plassar. Vi har eit godt fagmiljø med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Her er brukarar med mange ulike diagnosar. Vi har ein god arbeidsstad med høgt tempo, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Om du ønsker å arbeide med eldre menneske i eit triveleg arbeidsmiljø er du velkommen til å søke!
Vi har ledig fleire faste helgestillingar frå 14 til 21 %. Stillingane er for tida i to-delt turnus og er ledig frå snarast.
Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Vi jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som vil du skal trivast, og ein jobb du kan føle deg trygg i.
Dersom det ikkje melder seg søkarar med relevant utdanning kan andre med kunnskap og interesse for eldreomsorga søke. Sjukepleiestudentar har eigen lønsstige med stigande løn under studiet. Ufaglærte vil få tilbod om mellombels tilsetting.
Oppgje referansar i søknaden. Du må søke elektronisk.
Politiattest må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar!
Kontaktperson:
Renate Kvalstad
tlf: 57 81 62 01
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.