SØKNADSFRIST: 23.01.2021
Naustdal omsorgssenter har eit godt fagmiljø med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar. Vi har 20 plassar. Her er brukarar med mange ulike diagnoser.
Vi har ein god arbeidsstad med høgt tempo og utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Om du ønsker å arbeide med eldre menneske i eit triveleg arbeidsmiljø er du velkomen som søkar!
Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Vi jobbar saman i tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet.
Du må søke elektronisk. Oppgje referansar i søknaden.
Politiattest med leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar!
Kontaktperson:
Renate Kvalstad
tlf: 57 81 62 01
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.