06/01/2021

Sjukepleiararar, Vassenden heimeteneste

  • Sunnfjord kommune
  • Vassenden, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 18.01.2021

Vassenden heimeteneste har ledige stillingar for sjukepleiararar

Heimetenesta har base ved Vassenden omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, velferdsteknologi, matombringing og dagtilbod. Eininga har ansvar for bebuarar i 39 omsorgsbustadar, i tillegg til brukarar ute i bygdene.

Vi har ledig følgande stillingar:

100 % fast stilling som sjukepleiar ledig frå snarast.

100 % stilling vikariat som sjukepleiar frå snarast til 31.12.2021.

Stillingane er i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Heimetenesta er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, og har fleire tiltak innan demensomsorg og kvardagsrehabilitering. Vi ønsker å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt.

Krav til søkar:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gyldig politiattest.
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
  • god IT-kunnskap
  • førarkort klasse B

Vi søker etter deg som:

  • er fleksibel og likar utfordringar, og taklar å jobbe på ulike avdelngar
  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig ute på oppdrag og er trygg på eigne avgjerder
  • fungerer godt i team i bustad og har evne til å delegere oppgåver
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • viser tålmodigheit når det er behov for det
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • er nytenkjande og kreativ
  • sjukepleiarar som vert ferdig utdanna i desember er særskilt velkomne til å søke på stillingane.

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Kva tilbyr vi:

  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • god og tilstadeverande leiing
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjon- og forsikringsordningar
  • tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar 

Du må søke elektronisk.

Velkommen som søkar!

Kontaktperson:
Irene Svarstad
tlf: +47 57 72 64 72
mob: +47 911 30 455

Søknadsfrist

18.01.2021

Ansettelsesform

Fast,   Vikariat  

Søk her!