
SØKNADSFRIST: 31.01.2021
I Bremanger kommune - for tida Hogslia i Open Omsorg Ytre - er det ledig ei fast stilling i 55 % som vernepleiar/sjukepleiar, eller andre med relevant høgskuleutdanning.
Stillinga er ledig frå 01.02.21.
Hogslia er ei avdeling i Open omsorg Ytre Bremanger der det er 8 leiligheter i eit fellesskap, og dei som bur der har ei utviklingshemming. Hogslia er ein trivelig plass å både bu og jobbe i.
Arbeidsoppgåver
• Målretta miljøarbeid
• Ansvarsvakter
• Ansvar for primærgrupper
• Medansvar for legemiddelhandtering
• Veiledning av kollegaer, studentar og lærlingar
• Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåve frå ledar
Kvalifikasjonar
• Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
• Nyutdanna oppfordrast til å søkje, og opplæring vil bli gjeve
• Må ha førarkort for personbil (B).
• Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg.
• Gyldig politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar
• Engasjement og fagleg fokus
• Bidra til å gjere kollegaene dine gode, og gje kollegastøtte i krevjande situasjonar
• Godt humør, fleksibilitet og løysningsfokus
• Gode samarbeidsevne
• Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
• Tilbod om fast stilling
• Hogslia har fleksibel turnusordning der dei tilsette i stor grad er med å påvirke når dei skal jobbe. Vi har årsturnus og i utgangspunktet er det arbeid kvar 2. helg, men med dispensasjon til langvakter vil det bli 14 helgar pr. år. Turnusen er 3-delt men vaktene vil i stor grad bli dag- og seinvakter – enkle vakter eller som langvakter. Det er på dag- og seinvakter vi har mest behov for denne kompetansen
• Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
• God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
• Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
Ring gjerne for en prat, så fortel vi meir!
Kontaktperson:
Margritt Myklebust
Fagleiar Hogslia
95 98 87 74