SØKNADSFRIST: 17.01.2021
Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk kultur og identitet , samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.
Avdelinga skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg. Ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for tra?kksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.
Planlegging og utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet; planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og utbygging/byggherre.
Vår geofaglege miljø består i dag av fem geoteknikarar og seks geologar samt ein teknisk teiknar fordelt på kontorstadane Leikanger og Bergen.
Me søker no etter geoteknikar for å styrke vårt fagmiljø i Bergen.
Som geoteknikar på vår fageining, vil du få utfordrande, interessante, varierte og sjølvstendige oppgåver innan geoteknisk prosjektering. Aktuelle oppgåver er:
Hos oss kan du forvente
Som geoteknikar på INV-geo og skred forventar me at du utfører dine arbeidsoppgåver på ein sjølvstendig og systematisk måte. Det er viktig for oss at du bidrar inn i teamet og arbeidsmiljøet både med kompetanse og kollegastøtte. Me ønsker oss ein kollega som har stå-på-vilje, er positiv, og resultatorientert. Sidan stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer og offentlege etatar er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner, er løysningsorientert og kan bygge tillit.
Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar geo og skred Stein Olav Njøs på telefon; 95191855.
Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod stilling.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktperson:
Stein Olav Njøs
leiar - geo og skred
Telefon 951 91 855
1. januar 2020 gjekk Hordaland og Sogn og Fjordane saman og vart det nye storfylket Vestland. Vestland har eit samla areal på 34 055 km2 og er med det det femte største fylket i landet. Alle kommunane har kystlinje.
Det nye fylket vil vere slagkraftig med fleire tenester og nærare 650 000 innbyggarar. Det nye fylket skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.