18/12/2020

Sjukepleiar, for tida ved Svelgen omsorgssenter

  • Bremanger kommune
  • Bremanger, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 31.01.2021



Er du sjukepleiar og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver?  I Bremanger kommune, for tida Svelgen Omsorgssenter - er det ledig 100% fast sjukepleiarstilling frå 01.03.2021.

Arbeidsoppgåver

Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, palliativ omsorg og kreft.

Sjukepleiefaglege oppgåve hos pasientane:

  • Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjelder alder og medisinske behov
  • Heilskaplig omsorg for eldre menneskjer
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Muligheit for å delta i ressursgruppe 
  • Dokumentasjon, rettleiing, undervisning m.m. 

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk aurorisasjon som sjukepleiar
  • Gjerne ha erfaring innan akuttmedisin
  • Like å arbeide i team
  • Vere innstilt på endringar
  • Legge fram politiattest av nyare dato
  • Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar.  
For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar. 

Serviceinnstilling og personleg eignaheit vektleggast

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje 
  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver 
  • God pensjonsordning, og heildøgns forsikring 
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personlig utvikling 
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass 

Svelgen Omsorgssenter stod ferdig i mars 2016. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader
og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og tilrettelagd arbeidsplass.

Arbeidsdagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Svelgen Omsorgssenter har 48 bueiningar, fordelt på 5 avdelingar. Avdelingane er fordelt etter diagnoser og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.

Bremanger kommune deltek i eit legevaktpilotprosjekt i samarbeid mellom fleire kommunar i Sogn og Fjordane. Via «Legevaktsatelitten» på Svelgen omsorgssenter har sjukepleiarane på nattevakt direkte kontakt med pasientar og lege på vakt i Førde. På dagtid er det legevakta i Bremanger kommune som har denne funksjonen.

I samband med deltaking i legevakttenesta, får alle sjukepleiarane mellom anna kurs i akuttmedisin og elles jevnleg kursing i samband med å få kunne vere med i dette prosjektet.

Vi arbeider i for tida i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid –og fritida si.

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Kontaktperson:
Hilde Gretha Hauge
Driftssjef open omsorg indre
95989310

Søknadsfrist

31.01.2021

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!