20/11/2020

3 x 62,44% nyoppretta stillingar i Tenester for funksjonshemma.

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 04.12.2020

Stillingane er ledig frå 01.03.21. 

Me ynskjer å styrke tenesta på natt og utlyser 3x 62,44 % stilling som helsefagarbeidar, for tida med arbeid på natt ,  i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Tenester for funksjonshemma er lokalisert i to bufellesskap, Svingen og Reini. Svingen har 11 bueiningar med døgnkontinuerlig drift. Reini har 4 bueiningar med bemanning delar av døgnet. Stillingane har base på Svingen bufellesskap, men har tilsyn med Reini bufellesskap ved behov.

Me er opptekne av å gje gode tilpassa tenester til våre brukarar. Brukarane har ulik alder og funksjonshemmingar. Sentralt for arbeidet i avdelinga er tilrettelegging i tråd med den einskilde brukar sitt behov, brukars mogeligheit til å bestemme sjølv, bli inkludert.

Me søkjer deg som:
Er autorisert helsefagarbeidar med interesse for fagfeltet 
Er fleksibel og ansvarsbevist
Har evne til nytenking
Har evne til å arbeide strukturert
Har god samarbeidsevne
Vil vera positiv kraft og haldningsskapande i avdelinga 

Arbeidsoppgåver:
Direkte pasientretta arbeid
Delta i dei ordinære driftsoppgåvene i avdelinga
Ta fagleg ansvar i tråd med kompetanse

Ved interne rokkeringer kan det og bli tilsett i andre ledige stillingar I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved Unn-Merethe Nordby på telefon 947 96 515.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema 

Søknadsfrist

04.12.2020

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!