18/11/2020

Sjukepleiar - Kviteseid omsorgssenter

  • Kviteseid kommune
  • Kviteseid, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 13.12.2020

Kviteseid er ei koseleg bygd med ca. 2500 innbyggjarar. Me kan tilby fantastiske kontrastar, med bading på somrane, mange moglegheiter for fjellturar, koselig kafè, økologisk frisør, klesbutikk, mange aktivitetar for born og unge, fantastiske skimoglegheiter om vinteren og mange hyggelege mennesker.

Kviteseid ligg 2,5 timers kjøyretur til både Oslo og Kristiansand og ligg midt i Telemark.

Som sjukepleiar får du moglegheit til å utvikle din faglege nysgjerrighet og kompetanse. Vi har stort fokus på fagutvikling og har egen fagutviklingssjukepleiar som arbeider med det. Vi kan tilby kursing og ynskjer at kvar einskild sjukepleiar skal ha moglegheit til å utvikle seg innan emner den er interessert i som igjen kan brukast inn i arbeidet.

Kviteseid omsorgssenter (KOS) er ein sjukeheim med til saman 41 plassar fordelt på tre somatiske avdelingar og ei skjerma avdeling. Den eine somatiske avdelinga har og korttidsplassar og KAD plass.

Vi treng no fleire tilsette i desse stilllingane:

  • Tre 100 % faste stillingar som sjukepleiar  – ID 1054
  • To 80 % faste stillingar som sjukepleiar – ID 1055
  • Ei 50,70 % fast stilling som sjukepleiar på natt – ID 1056

Me ynskjer tilsetjing så snart som mogleg. Stillingane er i to-delt turnus med arbeid kvar 3.helg.

Vi tilbyr ein rekrutteringsbonus på kr. 75. 000,- med bindingstid på 2 år. 

Arbeidsoppgåver:

  • Direkte pasientretta oppgåver i tråd med gjeldane krav til kvalitet
  • Rettleie, undervise og informere bebuarar, pårørande og kolleger
  • Samarbeid med ulike arbeidsgrupper

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Klinisk erfaring
  • God digital kompetanse
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg godt. Søkjarar med anna språk enn norsk som morsmål må dokumentere språknivå C1

Personlege eigenskapar:

  • Vere fleksibel, kreativ, strukturert, målretta og ansvarsbevisst
  • Ha gode kommunikasjons – og samarbeidsevne
  • Vere fagleg engasjert
  • Sjølvstendig, initiativrik og løysingsorientert
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast i eit hektisk miljø

Vi tilbyr:

  • Spanande og varierte oppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kurs innafor relevante tema
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Rekrutteringsbonus på kr. 75.000,-  ( 100 % stilling) Kr.60.000,-  ( 80 % stilling) som eit eingongsbeløp etter avslutta prøvetid. Gjeld eksterne søkjarar.
  • Me kan vere behjelpeleg med bustad

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Søk på stillinga her

Velkomen som søkjar!

Kontaktperson:
Einingsleiar: Elise R Foldøy
Tlf.: 35 06 82 25
Mobil: 91 16 21 09

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!