17/11/2020

Byggherrestøtte

  • Vestland fylkeskommune
  • Bergen, Norge
Bygg og anlegg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 02.12.2020

INV - Planlegging og utbygging

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. 

Planlegging og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Byggherre-miljøet er delt i tre geografiske einingar, Prosjekt Nord, Prosjekt Sør og Prosjekt Bergen.  

Til Prosjekt Bergen søkjer vi etter byggherrestøtte til å støtte oss i prosjekta vi har på Askøy og i Bergen. Du vil vere ein viktig støttespelar for både prosjektleiarar og byggeleiarar når vi gjennomfører prosjekter. Vi ønskjer oss ein kollega som bidreg både fagleg og sosialt. 

Arbeidsoppgåver
  • Arbeid med økonomirapportering, HMS og kvalitet.
  • Fakturabehandling
  • Sakshandsaming
  • Skriving av referat
  • Bidra i utarbeiding av struktur i prosjekta.
Hos oss kan du forvente
Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar og meiningsfulle arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg påverknad og utvikling i et sterkt tverrfagleg miljø. Arbeidsmiljøet er uformelt, og vi og er opptekne å hjelpa kvarandre i det faglege og trivast saman på jobb. Slik får vi det beste ut av kvarandre og skaper engasjement. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale. 
Kvalifikasjonar
  • Du må  ha utdanning frå universitet eller høgskule, men utdanningskravet kan fråvikast dersom du har sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnadar for stillinga.
  • Kjennskap til HMS- arbeid og relevante IKT- system og økonomirapportering.
  • God skifteleg og munnleg framstilling 
  • Det vil vere ein fordel om du har erfaring frå bygg og anleggsbransjen.

Vi ønskjer oss en kollega med høg etisk standard, som er motivert til å bidra i dei spennande prosjekta våre. Det er viktig at du trivst med samarbeid då stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer og eksterne instansar, men og og at ein kan arbeide sjølvstendig. 

Vil du vite meir om stillinga er du velkomen å ta kontakt med: Cathrine Haugen Botnevik; 93871300. 

Generell informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Arbeidsstad vil vere delt mellom vårt prosjektkontor på Askøy og hovudkontor på Sandsli.

 

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!