17/11/2020

Fagleiar reinhald

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Renhold

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 08.12.2020

Det vert med dette utlyst 100% stilling som fagleiar reinhald. Stillinga rapporterer til
leiar teknisk drift.

Opplysninger avdeling

Fagleiar har ansvar for den daglege drifta av reinhaldstenesta i heile kommunen som utfører reinhald på dei kommunale bygga. Fagleiar for reinhald vil få personalansvar for om lag 10 tilsette, samt økonomiansvar for tenesta. Vidare vil fagleiar ha det overordna faglege ansvaret for reinhaldstenesta.
Stillinga er om lag 20% leiing/dagleg drift. Resten av stillinga er ordinært reinhaldsarbeid på kommunale bygg.
Stillinga er nyoppretta i samband med omorganisering i Austrheim kommune.
Det er viktig at ein har gode leiareigenskapar og er flink med menneske.

 

Arbeidsoppgåver

- Dagleg leiing av avdelinga
- Økonomi- og personalansvar
- Arbeide for kvalitetssikring og utvikling av tenesta
- Utarbeiding av reinhaldsplanar
- Fagleg rettleiing/opplæring av tilsette, koordinere dagleg drift og arbeidsplanar
- Innkjøp av reinhaldsmidlar og reinhaldsmaskinar
- Ordinært reinhald

 

Krav til kompetanse

- Fagbrev reinhald og god realkompetanse innafor fagområdet
- Utdanning eller god erfaring innanfor leiing
- Ta imot og gje rettleiing
- Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og muntleg
- Gjere seg forstått på engelsk muntleg
- Serviceinnstilt
- Pådrivar
- Lagbyggjar
- Førarkort kl B

 

Personlege eigenskaper

- Tydeleg leiar med omsorg for dei tilsette
- Sterkt fokus på kvalitet og brukarane
- Flink med folk og glad i menneske
- God på kommunikasjon med tilsette og brukarane av bygga
- Proaktiv i høve dagleg drift
- Stor arbeidskapasitet
- Systematisk, dyktig og effektiv
- Går føre med eit godt eksempel

Personleg eigenskapar vil verte vektlagd. Me vil ta omsyn til korleis den som vert tilsett kan utfylla medarbeidarane i
organisasjonen.

 

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar om stillinga kontakt leiar teknisk drift Rolf Henning Myrmel på telefon 482 96 241, e-post: rhm@austrheim.kommune.no

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP.

 

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontakter

Navn: Rolf Henning Myrmel
E-post: rhm@austrheim.kommune.no 
Mobil: +4748296241

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!