17/11/2020

Ledig fast 100% stilling som allmennlege

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Lege

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 08.12.2020

Austrheim kommune lyser med dette ut 100% stilling som allmennlege i spesialisering. Stillinga er ledig frå
01.01.2021.

Opplysninger avdeling

Stillinga er knytt til Austrheim legekontor som i dag har 3 fastlegeheimlar og tilknytt 2 turnuslegar. Austrheim Legekontor har velutstyrte lokale, det er knytt tre hjelpepersonell til kontoret. Legekontoret nyttar Infodoc journalsystem.

I Helseavdelinga er det også psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, helsesjukepleiarar, jordmor og kommunal og privatpraktiserande fysioterapeutar.

Som kommunelege i Austrheim vert du ein del av legevaktsamarbeidet som er organisert gjennom Nordhordland Legevakt i Knarvik. Her vil du gå inn i ein legevaktsturnus.

Arbeidsoppgåver

- ansvar for listepasientar på fellesliste for kontoret
- felles ansvar for legevakt på dagtid
- deltakarplikt i legevakt/ansvar for legevaktturnus

Offentlege helseoppgåver som kan vere:
- tilsynslege ved sjukeheimen
- helsestasjonslege
- rettleiing av turnuskandidat
- andre oppgåver

Krav til kompetanse

Vi søkjer etter ein fagleg dyktig lege med gode personlege eigenskapar som høver for praktisering av god legeteneste.
Du må også ha:
- godkjent norsk autorisasjon som lege
- fullført turnusteneste eller fått godkjent tilsvarande teneste av Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjer
det mogeleg å praktisere som fastlege
- Ein forutset at legen er spes. i alm.med. eller vil gjennomføre spesialiseringa.
- ha refusjonsrett frå Helfo
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. Språknivå vert vektlagt i tilsetjingsprosessen
- godkjent politiattest
- Førarkort

Personar som i løpet av dei tre siste åra har hatt opphald i minst tre månader i land med høg førekomst av tuberkolose, må ved tilsetjing legge fram godkjend tuberkulinprøve som ikkje er eldre enn tre månader. 

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar, ta kontakt med kommuneoverlege Peter Kubon tlf. 56 16 82 00 eller kommunalsjef Monika Kvamme på tlf. 918 65 391. 

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP. 

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontakter

Navn: Monika Kvamme
E-post: monika.kvamme@austrheim.kommune.no 
Mobil: +4791865391
Arbeid: 56162040

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!