17/11/2020

Avdelingsleiar samfunnsutvikling og service

  • Austrheim kommune
  • Austrheim, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 08.12.2020

Det vert med dette utlyst ei 100% stilling som avdelingsleiar for samfunnsutvikling og service. Stillinga rapporterer til kommunalsjef forvaltning og sevice.

Opplysninger avdeling

Avdelingsleiar har ansvar for eit bredt spekter av tenester som er samla i faggruppe for plan, forvaltning og samfunnsutvikling, og faggruppe for service og kontorstøtte. Stillinga er oppretta i samband med omorganisering i Austrheim kommune.

Som ein del av omorganiseringa vert eining for plan, bygg, oppmåling og miljø slått saman med servicekontoret. Ei viktig oppgåve for den nye avdelingssleiaren vil vere å bygge den nye eininga.

Avdelingsleiar for forvaltning og service vil få personal og økonomiansvar for eininga og ha det overordna faglege ansvaret for tenestene. Vidare vil avdelingssleiar utføre sakshandsaming innanfor dei ulike fagområda og arbeide opp mot politisk nivå og interkommunale samarbeid.
Det er viktig at ein har gode leiareigenskapar. 

Arbeidsoppgåver

- Dagleg leiing av avdelinga
- Økonomi- og personalansvar
- Rettleiing av publikum
- Saksutgreiing
- Utviklingsoppgåver

Krav til kompetanse

- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet på masternivå. Søkjarar med lang realkompetanse innanfor arbeidsområde kan og vurderast
- God kunnskap om offentleg sakshandsaming og relevant lovverk
- Ta imot og gje rettleiing
- Systematisk, dyktig og effektiv
- Gode kommunikasjonsevner, sterk skriftleg og muntleg
- Serviceinnstilt
- Pådrivar
- Lagbyggjar
- Utviklings- og prosessorientert
- God relasjonskompetanse
- Tillitsbasert leiing
- Sjølvstendig
- God på nynorsk

 

Personlege eigenskaper

- Tydeleg leiar med omsorg for dei tilsette
- Sterkt fokus på kvalitet og nøgde brukarar
- Analytisk og resultatorientert
- Flink med folk og glad i menneske
- God på kommunikasjon med tilsette og innbyggjarar
- Trivst med varierte oppgåver og ansvar
- God på å prioritere i ein travel kvardag
- Praktisk tilnærming

Personleg eigenskapar vil verte vektlagd. Me vil ta omsyn til korleis den som vert tilsett kan utfylla medarbeidarar i organisasjonen.

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar om stillinga kontakt kommunalsjef Thomas Lindås på telefon 56 16 21 14/40 90 38 60.

Vi kan tilby

Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk.
God pensjonsordning, KLP/SPK.

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.

Kontakter

Navn: Thomas Lindås
Tittel: Kommunalsjef forvaltning og service
E-post: thomas.lindas@austrheim.kommune.no 
Mobil: +4740903860
Arbeid: 56162114

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!