16/11/2020

Avdelingsleiar heimetenesta

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 04.01.2021

100% fast stilling som avdelingsleiar ved  heimetenesta i Rauland, ledig frå 04.01.2021 -ID 1817.
Søknadsfrist: 27.11.20

Er du vår nye avdelingsleiar?

Heimetenesta i Rauland omfattar Rauland omsorgssenter og heimebasera tenestar med base ved omsorgssenteret. Avdelinga er ei av 8 avdelingar i Helse og omsorg- eininga, med ca 25 tilsette og yter tenester til om lag 60 brukarar.

Heimetenesta er ein viktig tenesteleverandør i kommunen og til stillinga søkjer me difor etter deg som er fagleg sterk, trygg og engasjera. Avdelingsleiar har  delegert ansvar for fag, personell og økonomi for avdelinga. Vi søkjer deg som vil vere ein positiv pådrivar i arbeidet for å vidareutvikle helse og omsorgstenestene i Vinje. Som avdelingsleiar for heimetenesta i Rauland vert du del av ei avdelingsleiar gruppe med brei erfaring og bakgrunn som møtast jamnleg

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning, eller vilje til å ta slik utdanning
  • Det er ein fordel om du har erfaring i bruk av Profil og  GAT

Me søkjer deg som:

  • Kommuniserar på ein tydeleg og trygg måte, er samlande og har evne til å skape tillit
  • Er  fleksibel og kan arbeide sjølvstendig, men samstundes ein lagspelar som samarbeider godt med andre
  • Ikkje er  redd for å ta avgjerder
  • Er oppteken av fag og kvalitet, og brenn for å utvikle tenestene 
  • Er ryddig og har oversyn  og struktur i ein aktiv kvardag.

Personlege eigenskaper og motivasjon vert vektlagd

Årsløn i 100% stilling:  kr 672.000

Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte:
Helse og omsorgssjef Kari Dalen tlf 47894710 / epost: kari.dalen@vinje.kommune.no eller fungerande avdelingsleiar Bjørg Nystog tlf  95930683 epost: bjorg.nystog@vinje.kommune.no

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.



Ansettelsesform

Fast  

Søk her!