15/10/2020

Avdelingsleiar kultur - 100 % vikariat

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Kultur - Bibliotek Ledelse

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 25.10.2020

I samband med at avdelingsleiar kultur skal ut i permisjon har vi ledig 100% vikariat som avdelingsleiar kultur i Stryn kommune. Vikariatet vil vare frå 01.02.21-31.10.21.
Stryn kommune har stort fokus på kultur med eit vidt spekter av frivillige lag og organisasjonar som arbeider med kultur og idrett.

Avdelingsleiar kultur er knytt til skule- og kulturavdelinga og kommunalsjef for skule og kultur er avdelingsleiaren sin næraste overordna.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar kultur har ansvar for å leggje til rette for kultur- og fritidstiltak for innbyggjarane, med mellom anna barne- og ungdomsarbeid og samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Avdelingsleiaren har overordna ansvar for kulturavdelinga og personalansvar for leiarar innan fagfeltet; bibliotek, kulturskule og kulturhus. Stillinga inneber mellom anna ansvar for sakshandsaming, planarbeid og kommunale arrangement innanfor kulturområdet. 

Kvalifikasjonar

-          Relevant kulturfagleg utdanning på universitets-/høgskulenivå
-          God og inspirerande leiar med evne til å administrere, organisere og gjennomføre aktivitetar
-          God data og IKT-kompetanse/erfaring
-          God økonomiforståing/-styring 

Personlege eigenskapar

-          Initiativrik og kreativ innan heile kulturfeltet
-          Gode samarbeidsevner og skapar godt arbeidsmiljø
-          Ein må kunne jobbe sjølvstendig i eit til tider hektisk miljø
-          Har evne til å skape gode relasjonar både i og mellom avdelinga Har høg fagleg kompetanse                       innanfor ansvarsområdet

Vi tilbyr

-          Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
-          God pensjonsordning gjennom KLP
-          Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
-          Løn etter avtale

Kontaktperson:
Hilde Lødøen
Kommunalsjef skule og kultur
 57874751

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk her!