15/10/2020

Kulturskulerektor - 100 % fast stilling

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Kultur - Bibliotek Ledelse

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 25.10.2020

Stryn kommune har ledig 100 % fast stilling som kulturskulerektor frå 01.01.2021. Stillinga inneber 50 % administrasjon og 50% undervisning.  Kulturskulen har eigne lokaler i Stryn kulturhus og tilbyr undervisning innanfor musikkfag, dans, teater og visuell kunst. Skulen har 3,3 årsverk fordelt på 9 tilsette og om lag 130 aktive elevar. Per i dag har kulturskulen behov for instruksjon innan piano, trekkspel, slagverk, band, kor/korps. Nye tilbod skal utviklast saman med den som vert tilsett i rektorstillinga. 

Stryn kommune er ei tre-nivåkommune, og rektor for kulturskulen rapporterer til avdelingsleiar kultur. Rektor for kulturskulen inngår som leiar på ytre eining i kulturavdelinga på lik linje med bibliotekleiar og kulturhusleiar. Kulturavdelinga er ansvarlege for arrangement som Kulturnatt og UKM.

Vi søkjer ein rektor som er engasjert og tydeleg i sitt leiarskap, og som har evne til å inspirere og motivere sine medarbeidarar. Vedkomande må ha evne til å arbeide strategisk og langsiktig med utvikling av kulturskulen. Det vert lagt vekt på samarbeids- og gjennomføringsevne, og evne til god økonomistyring.

Arbeidsoppgåver     

  • Kulturfagleg, pedagogisk, økonomisk og administrativ leiing og utvikling av kulturskulen 
  • Personalleiing og –ansvar 
  • Oppretthalde og vidareutvikle eit godt og kreativt arbeids- og læringsmiljø 
  • Ha ein god dialog med brukarar og samarbeidspartnarar 
  • Samarbeide med profesjonelle kulturaktørar og frivillige organisasjonar 
  • Oppfølging av den daglege verksemda i kulturskulen og tiltak/prosjekt som kulturskulen har ansvar for som ressurssenter
  • Kommunale arrangement

Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast. Andre oppgåver vil kunne verte tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå høgskule/universitet innanfor musikk- og kulturfag, og/eller pedagogisk utdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast
  • Relevant leiarutdanning og leiarerfaring frå offentleg forvaltning eller kulturinstitusjon
  • Erfaring frå kulturskule- og kultursektoren
  • Erfaring frå arbeid med kunst og kultur, born og unge
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og trygg leiar med god gjennomføringsevne
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er lojal og strukturert, og samtidig kreativ og kan tenkje nytt
  • Vere ein samarbeidsorientert relasjons- og nettverksbyggar med evne til å jobbe sjølvstendig
  • Ha stort engasjement og interesse for kulturlivet
  • Ha god og tydeleg munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Hjelpsam med bustad
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
  • Løn etter avtale
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato

Kontaktperson:
Ingrid Heieren Sølvberg
Avdelingsleiar kultur
57874776

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!