09/10/2020

Jordmor, 100 % vikariat - Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 23.10.2020

100% vikariat som jordmor frå 10.01.21, stillinga kan bli fast - ID 1807

Frå 01.01.2018 er alle jordmortenester i kommunane Vinje, Kviteseid, Seljord og Fyresdal organisert etter vertskommunemodell med Vinje kommune som vert. Døgnberedskap for fylgjetenesta er organisert som del av samarbeidet med kommunane Tokke, Vinje, Kviteseid, Seljord, Fyresdal og STHF som deltakarar. Vaktbasen ligg i Seljord. Samarbeidet har 4,7 årsverk. Jordmødrene som inngår i samarbeidet skal samla gje eit fagleg godt tilbod for oppfylging under svangerskap og i barseltid, samt ivareta vaktteneste ved Jordmorvakta i Seljord.

Stillinga inneber:

  • Oppfylgjing av gravide og barselkvinner i Kviteseid kommune.
  • Vaktteneste med beredskap og fylgjeteneste på Jordmorvakta i Seljord. 8 døgnvakter kvar 6. helg.
     

Kvalifikasjonskrav:

Autorisert jordmor.

  • med erfaring frå fødeavdeling, fødestoge og / eller fylgjeteneste.
  • førarkort klasse B og eigen bil.
     

Me søkjer deg som:

  • Er fagleg engasjert og ser utfordringar i å arbeide i distrikt
  • Har gode samarbeidseigenskapar.
  • Er fleksibel og imøtekomande.
  • Trivst med sjølvstendig arbeid.

 

Løn f.t. kr. 632.000 etter gjeldande avtaler. Politiattest må leverast før tilsetjing. Opplæring vil bli gjeve.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved  avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark, Helene Mølster Byggland, tlf: 986 27 716.

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk her!