08/10/2020

Miljøarbeidar/vernepleiar - 2. gongs lysing

  • Vinje kommune
  • Vinje, Norge
Helse - Sosial - Omsorg

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 23.10.2020

Tenester for funksjonshemma (Svingen og Reini) har ledig 80,27% vikariat frå 01.10.20 - 31.07.21 - ID 1786.
Søknadsfrist 23.10.20

Tenester for funksjonshemma er lokalisert i to bufellesskap, Svingen og Reini. Svingen har 11 bueiningar med døgnkontinuerlig drift. Reini har 4 bueiningar med bemanning delar av døgnet. Tenester for funksjonshemma har totalt ca 40 årsverk.

Vi er opptekne av å gje gode tilpassa tenester til våre brukarar. Brukarane har ulik alder og funksjonshemmingar. Sentralt for arbeidet i avdelinga er tilrettelegging i tråd med den einskilde brukar sitt behov, brukars mogeligheit til å bestemme sjølv, bli i inkludert.

Me søkjer deg som:

  • Er autorisert vernepleiar, eller helsefagarbeidar med interesse for fagfeltet- andre kan søkje
  • Er fleksibel, ansvarsbevist
  • Har evne til nytenking
  • Har evne til å arbeide strukturert
  • Har gode samarbeidsevne
  • Vil vera positiv kraft og haldningsskapande i avdelinga

Arbeidsoppgåver:

  • Direkte pasientretta arbeid
  • Delta i dei ordinære driftsoppgåvene i avdelinga
  • Ta fagleg ansvar i tråd med kompetanse

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Unn-Merethe Nordby tlf 94796515.

Søknad skal sendast på elektronisk skjema

Ansettelsesform

Vikariat  

Søk her!