08/10/2020

Arealplanleggar - 100% fast stilling

  • Stryn kommune
  • Stryn, Norge
Arkitekt - Geografi - Landskap Planlegging

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 25.10.2020

Stryn kommune har forplikta seg til å arbeide for reduksjon av klimagassar i eigen oversiktsplanlegging. Vi vil auke tempoet med å nå eigne mål om eit meir bærekraftig samfunns- og næringsliv. Det vil krevje ei sektorovergripande tenking og planlegging, og god dialog med lokalsamfunna, interesseorganisasjonar og regionale aktørar.
Dei mest utsett og belasta områda må planleggast samla med sikte på å legge til rette for gode og klimavenlege løysingar. For å kunne gjennomføre dette arbeidet ynskjer vi å styrke plankapasiteten vår.
Vi ser etter deg som har erfaring med planarbeid og  som har lyst til  å jobbe med planlegging i eit klima- og miljøperspektiv. Du vil bli tilsett på Plan- og næringsavdelinga (sentraladministrasjonen) og inngå i eit planleggingsteam på fem personar. Du er velkomen til å søkje også om du ikkje har relevant erfaring frå planlegging og/eller klimaomstilling.

Arbeidsoppgåver

-Hovudarbeidsområdet er arealplanlegging og sakshandsaming etter plan- og bygningslova og prosjektansvar for planarbeid i dei mest sårbare område våre med omsyn til naturkvalitet og belastning frå reiselivet.
-Hovudansvaret for å gjennomføre planprosess i to utvalde område i kommunen.
-Bidra med klima- og miljøfagleg kompetanse i kommunen sitt overodna planarbeid
-Bidra i kommunen si overordna samfunnsplanlegging og kommuneplanarbeid
-Saksførebuing av arealplanar til politisk handsaming

Kvalifikasjonar

-Mastergrad i relevant fagfelt, evt. bachelorgrad med erfaring innenfor fagfeltet
-Særleg relevant realkompetanse kan erstatte krav til formalkompetanse
-Erfaring med offentleg forvaltning og strategisk planlegging
-God kjennskap til relevant lovverk: Plan- og bygningslova, naturmangfoldlova, friluftslova m.fl.                                                                                                               -God muntlig og skriftlig kommunikasjonsevne 

Det er ein fordel om du i tillegg har;
-          erfaring med klimaomstilling og kjennskap til FNs bærekraftsmål
-          erfaring med prosessleiing
-          GIS- kompetanse

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner og personlege eiegskapar vil bli tillagt  stor vekt

Du kan arbeide sjølvstendig men trivast også med å jobbe i team.

Du har gode evner til kommunikasjon, ein til ein og i større forsamlingar. Løysingsorientert med bakgrunn i fagkunnskap

Du er effektiv, strukturert og har evne til å føreta sjølvstendige vurderingar. 

Vi tilbyr

Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø 

God pensjonsordning gjennom KLP

Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement

Løn etter avtale

Kontaktperson:
Geirmund Dvergsdal
Plan- og næringssjef
57874714

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!