18/09/2020

Ingeniør i fast 100 % stilling

  • Modalen kommune
  • Modalen, Norge
Ingeniør - Sivilingeniør

Beskrivelse



SØKNADSFRIST: 01.11.2020

Ved teknisk etat er det ledig fast 100% stilling som ingeniør frå 01.01.21. Eininga har 18 tilsette fordelt på administrasjon, landbruk, vaktmeisterteneste og reinhaldsteneste. Kommunen tek del i interkommunalt samarbeid om Norhordaland brann og redning (NHBR).

Om arbeidsstaden

Eininga har har m.a. følgjande ansvarsområde:
- plan og bygg
- byggjesakshandsaming
- kart og oppmåling
- miljø og energi
- hamner og eigedomsforvaltning
- veg og vatn
- avlaup og boss.

Arbeidsoppgåver og ansvar

- Overvaking og oppfølging av drift av vatn og avlaupsanlegg
- Oppfølging, drift og vedlikehald av vegar og hamneanlegg
- Oppfølging, drift og vedlikehald av kommunale eigedomar
- kart og oppmåling
- sakshandsaming
- publikumskontakt
- leie og gjennomføre prosjekt
- planarbeid i tråd med plan- og bygningslova
- bidra til utvikling av effektiv drift av eininga

Kompetansekrav

- ingeniør innan relevant fagretning
- relevant erfaring med fagområda frå offentleg eller privat verksemd

Våre ynskje om deg

- inkluderande og samarbeidsorientert
- fokus på videreutvikling av tenestene
- tydeleg, strukturert og fleksibel i tenkninga
- initiativrik, løysingsorientert og høg grad av sjølvstende
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Modalen kommune nyttar nynorsk som skriftspråk
- evne til å setje i gang og drive prosessar framover
- gode evner innanfor samarbeid og samhandling

Me kan tilby

- Varierte, utviklande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Ivaretakande og godt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
- Løn etter avtale
- Pensjon i KLP
- Hjelp til å skaffe bustad

Du kan søkje på stillinga slik:

Søknaden sender du elektronisk ved å fylje linken på denne sida. Husk å ha klar cv og kopi av vitnemål og attestar som du laster opp saman med søknaden. Dersom du har vanskar med den elektroniske søknaden kan du få hjelp ved å kontakte Kundetorget på tlf 56 59 90 00.

Kontaktpersoner:
Tone Selmer Skuggevik
E-post tone.selmer.skuggevik@modalen.kommune.no 
Mobil +4792043233

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!