31/07/2020

Fagleder dokumentasjonsforvaltning og arkiv

  • Gol kommune
  • Gol, Norge
Arkiv Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 17.08.2020

Gol kommune har ledig 100% fast stilling som fagleder dokumentasjonsforvaltning og arkiv.

Vi søker ein engasjert, sjølvstendig og utviklingsorientert person som er oppteken av digitalisering, dokumentasjonsforvaltning og bevaring av arkiv for ettertida. Stillinga er plassert i avdeling Sekretariat og tenestetorg. Avdelinga har ansvar for kommunen sitt dokumentsenter, informasjonssikkerhet, politisk sekretariat og tenestetorg. Fagleder skal ha det overordna faglege ansvaret for området dokumentasjonsforvaltning og arkiv. Vi nyttar Public360 som sak/arkivsystem, men er for tida inne i ein anbudsprosess som kan medføre endringar. Hallingdalskommunane har eit felles IKT-samarbeid og Gol kommune er vertskommune for sak/arkiv.

Arbeidsoppgåver:

* Ansvar for dokumentasjonsforvaltning og arkiv i henhold til gjeldande lovverk.
* Systemansvarleg for sak/arkivsystemet og dokumentasjon av øvrige fagsystem.
* Arkivfagleg leiing og utvikling av arkivmedarbeidarane.
* Sikre at gode rutinar og arbeidsprosessar blir utarbeidd, implementert og fylgt opp.
* Opplæring og brukarstøtte for leiarar, saksbehandlarar og arkivpersonale.
* Delta i digitaliserings- og utviklingsprosjekt innanfor sitt ansvarsområde.
* Utviklingsarbeid innafor dokumentasjonsforvaltning og arkiv.
* Utarbeide og ajourhalde arkivplan og bevarings- og kassasjonsreglement.
* Fylgje opp eldre og avslutta arkiv.
* Delta i interkommunalt samarbeid.

Kvalifikasjonar:

* Relevant utdanning, fortrinnsvis høgskule med IKT, arkiv- eller dokumentasjonsforvaltning i fagkretsen. Erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for formell utdanning.
* Erfaring med arkivarbeid i offentleg forvaltning og bruk av elektroniske sak/arkivsystem.
* God kunnskap om regelverk for offentlig forvaltning og arkiv.
* God IKT-og teknologikompetanse og forståing for digitale prosessar.
* God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar:

* Serviceinnstilt, med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
* Sjølvstendig med god gjennomføringsevne.
* Initiativrik og løysingsorientert.
* Ynskjer å ta ansvar og levere gode resultat.
* Evne til å tenke heilskapleg og samstundes ha auge for detaljar.
* Nøyaktig med god ordenssans.
* Er raus og deler kunnskap og kompetanse for felles fagleg utvikling.
* Interesse for utvikling av digitale løysingar.

Vi legg vekt på at den vi tilsett er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr:

* Spennande oppgåver med god mogelegheit for utvikling.
* God pensjonsordning gjennom KLP.
* Fleksibel arbeidstid.
* Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale.

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.

Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytt til registrering av elektronisk søknad, kontakt Stian Røstberg via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instruksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Kontakter

Navn: Mona Hagen
Tittel: Avdelingsleder sekretariat og tenestetorg
Mobil: 91673907

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!