31/07/2020

Fagkonsulent landbruk

  • Askvoll kommune
  • Askvoll, Norge
Jordbruk - Skogbruk - Fiske

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 16.08.2020

Landbruksforvaltninga for kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad har ledig 100% stilling som

Fagkonsulent landbruk

Kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad har felles landbruksforvaltning frå 01.08.2020. 

Kontorstaden er Askvoll med kontordagar i Dale og Hyllestad.  Kontoret har 5 stillingsheimlar. 

Oppgåvene ved landbruksforvaltninga vert:

  • Rettleiing og forvaltning av midlar etter jordbruksavtalen
  • Sakshandsaming og landbruksfaglege vurderingar i samband med lovforvaltning og næringsutvikling
  • Kontrolloppgåver og ajourhald av landbruksrelaterte register
  • Teknisk planlegging i landbruket
  • Kommunen sin sakshandsamar på saker opp mot utviklingsmidlar i landbruket og andre finansieringskjelder
  •  Fagleg rådgjeving og rettleiing
  • Sakshandsaming som gjeld tenesteeininga generelt, og andre oppgåver innan både jordbruk, skogbruk, viltforvaltning og miljøforvaltning 

Vi ønskjer søkjarar med følgjande kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning/høgskuleutdanning innan landbruk og naturforvaltning
  • Det er ønskjeleg med bakgrunn og erfaring frå tilsvarande arbeid
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar og god muntleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gode personlege eigenskaper, med evne og vilje til positiv kommunikasjon og samhandling både kolligialt og puplikumsretta. Evne til å vere fleksibel og arbeide sjølvstendig
  • Kunnskap og erfaring i bruk av IKT-verktøy

Personlege eigenskaper vert tillagt stor vekt ved tilsetjinga. 

Vi kan tilby:

  • Spennande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Eit godt fagleg og sosial miljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Tenestepensjon i KLP

Den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil i tenesta. Tilsetjing skjer på vanlege kommunale vilkår etter gjeldande lover, avtaler og reglement.

Kontaktpersonar:

Geir Grytøyra
tlf: +47 57730736
mob: +47 97069946

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!