13/07/2020

Byggeleiar - vedlikehaldskontrakt tunnel

  • Vestland fylkeskommune
  • Bergen, Norge
Bygg og anlegg Ingeniør - Sivilingeniør Ledelse

Beskrivelse


SØKNADSFRIST: 16.08.2020

Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterkare felles kultur og identitet på tvers av dagens fylkesgrenser, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna  vert tatt vare på.

Avdelinga skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg. Ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for tra?kksikring i fylket. Ta i vare heilskapleg utbygging av transportinfrastruktur i arbeidet med Nasjonal transportplan og ha naudsynt beredskap i samband med hendingar på vegnettet.

Seksjonen Vedlikehald, drift og beredskap har ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane, og å planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar med vaktordning, der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller rydde opp og opne vegar som er stengde grunna uvær, skred eller flaum. Vi følgjer opp arbeidet til entreprenørar på drift og elektro. På vedlikehald er oppgåvene mellom anna tinging og oppfølging av dekkelegging, bru/kaivedlikehald og tunneloppgradering. Det er eit mål å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. For å få til det er det viktig med eit godt samspel mellom vedlikehald, drift og beredskap.

Vi søker ein byggeleiar med kontorstad Bergen, Voss, Leikanger eller Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Være pådriver for utforming av ny vedlikeholdskontrakt på tunnel for fylket
  • Teknisk og økonomisk hovudansvar for gjennomføringa og evalueringa av kontrakten
  • Følge opp og rapportere på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS
  • Koordinere arbeidet med andre faggrupper og etatar
  • Ha kontakt med andre myndigheiter, interessegrupper og media
  • Vere SHA-koordinator og YM-koordinator med mindre anna er bestemt av prosjektleiar
  • Rapportere vidare til prosjektleiar

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet
  • Du må ha førarkort klasse B. I særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring med kontraktsutlysing og oppfølging av kontraktar
  • Erfaring med tunnel
  • Det er ein fordel med erfaring og god fagleg tyngde frå byggeleiing
  • Gode kunnskapar i bruk av relevante  IKT- verktøy
  • Personlege eigenskapar
  • Du forstår mekanismane og kan løyse utfordringane i eit prosjekt

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar som evne til kommunikasjon- og samarbeid med entreprenørar og kollegaer vil bli vektlagt
  • Du er sjølvstendig og ?eksibel

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø  
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid

Spørsmål om stillinga rettast til Åsmund Andersen Sekse, 41242571 eller asmund.andersen.sekse@vlfk.no

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Åsmund Andersen Sekse
Stillingstittel: leiar
Telefon: 412 42 571

Ansettelsesform

Fast  

Søk her!